Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 28. januar 2004, nr. 2 - 59. årgang

D-Strict/Andes allies!

Fortvilte og oppjaga D-Strict-tilhengjarar har lenge etterlyst meir rural poesi frå den suksessrike rappe-gruppa. Nettsida vår har vore nede fleire gongar på grunn av stor pågang. Men fortvil ikkje, no er me attende med meir folkeopplysning og bygdekamp! Trioen sin feminine tredjedel kan øvebringja ei oppeldna helsing frå våre indiansk-ætta bondebrør og systre i dei andinske høgfjella. Med bandopptakar og stipend frå Norsk Bonde-og småbrukarlag og ein hemmeleg beundrar i Finansdepartementet (nei, me seier ikkje kven det er!), har DJ Mor Åse farta i fjell og dalar i det Ekte Amerika og samla inn stoff til vår nye skjeve: «Jump Andes!!- the new hipp hopp sound vol. 1». Teksten er øvesett og bearbeita frå inka-urspråket quechua av DJ Mor Åse, og me ber soleis om takhøgd for at noko av den opprinnelege meininga kan ha gjenge tapt i øvesetjinga. Låta er sjølvsagd akkompagnert med gruuvy panfløyter, og blir framførd femstemt.

This one goes out to...the brothers in farms.....!!!! Rock your flutes and join the beat...!!!

Me gav dykk mais, kakao og pote*
men sjå, kva gav de oss?
sverdslag, ran og syfilis,
og blodstenkt fjell og foss!
De kalte det ei oppdaging,
og feira dei kvite menn,
«sjå, det var jammen heltemot, me ville gjort
det igjen!»

I lenker lagt, til spott og spe,
me slava for chemwbann**
rikdomen de tok frå oss,
og bygde dykkar land.
Men fekk me fred då lenker rauk,
har me sett ein kompensasjon?
Nei, framleis får me ingenting,
og høyr, her er vår dom:

No lagar me ein bondehær,
med maursyre og spett!
Me inntek børs og katedral,
og kjempar for vår rett!
Om de i nord vil vera med,
so kom og heng dykk på!
me underlegg oss kvitsnippar,
og let bondediktaturet rå!

* Nynorsk for den omtykte grønsaka potet som har sitt opphav på det latinamerikanske kontinent. Er sidan blitt ei del av den norske folkesjela på lik linje med brunost, VG og komtemplerande turar i myr og kratt.

** Eit lite flatterande ord som eg ikkje turde oversetja grunna den nye ansvarlege redaktøren sin knallharde sensur-politikk mot kjønnsfikserte ukvemsord. Ordet hentydar blant anna til kvitingar sine kvite rumper og kvalmande kroppslukt.

28.01.04


tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14