Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 28. januar 2004, nr. 2 - 59. årgang

Ikkje-vestlege studentar
utlevert til etterretninga

Alle UiB-studentar frå land utanfor Schengen og Nord-Amerika har blitt registrert av Politiets tryggingsteneste (PST). – Vi har eit ansvar for folks tryggleik, forsvarar PST seg med.

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK / oyvind@studvest.no
Foto: HENRIK O. JENSSEN / henrik@studvest.no
 
SENDT TIL PST. Iranske Saeid Shafighi står på lista Politiets tryggleiksteneste, det gamle overvakingspolitiet, har fått frå UiB. – Håpar lista ikkje blir spreidd vidare, seier Shafighi.

Universitetet i Bergen (UiB) overleverte i haust ei oversikt over alle afrikanske, asiatiske og sør-amerikanske studentar ved UiB, etter ønske frå PST.

– Dette er å mistenke heile grupper av studentar, seier Arild Humlen, leiar i Advokatforeininga sitt lovutval for asyl- og utlendingsrett. Han meiner at PST ikkje kan be om slike lister utan at det føreligg konkrete mistankar.

MØTTE UiB

Det var på eit møte med Universitet si utdanningsavdeling i juni, at PST bad UiB om å få utlevert liste med personalia over alle studentar frå land utanfor EU, EØS, USA og Canada. Lista vart sendt i september, utan at studentane vart informert om det. På møtet var det PST si eining for illegal spreiing av kjemikaliar og masseøydelegginsvåpen (kontra proliferation) som møtte UiB.

Etter det Studvest kjenner til er totalt 543 studentar på lista til PST. Hovudtyngda av dei registrerte er asiatiske og afrikanske studentar, med austeuropeiske studentar hakk i hel, i følgje tal frå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste.

Truleg har Universitet i Oslo fått same spørsmålet som UiB, og sendt brev til PST om saka. Men innhaldet i det brevet er hemmelegstempla, med omsynet til rikets tryggleik som grunngjeving. Verken ved Universitetet i Tromsø eller NTNU er det registrert liknande førespurnadar frå tryggleikstenesta.

– PÅLAGT AV LOV

I følgje Mette M. Torrissen, utdanningsdirektør ved UiB, er ikkje universitetet alt for lykkelege over å sende frå seg slike lister.

– Så lenge det er heimla i lov, er det ikkje mykje vi kan gjere. Men vi passar på at vi ikkje gjev ut meir informasjon enn vi må, seier ho.

– Men kvifor blei ikkje studentane varsla om at dei blir registrert av overvakingspolitiet?

– Det har vi ikkje rutinar for, seier Torrissen.

– KONFLIKTSKAPAR

SVs stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy er sjokkert over PST sin registreringsiver:

– Har dei verkeleg gjort det? Det får meg til å lure på om ikkje PST har eit fiendebilete som lagar like mykje problem som ei løysing, undrar Hall Arnøy.

Fungerande nestleiar i Stortingets justiskomité, Jan Arild Ellingsen frå FrP, er derimot glad for at PST har oversikt.

– Skal vi tru at alle studentar vil det beste? Eg er tilhengar av alle tiltak som fører til eit sikrast mogleg samfunn.

– Kva med individet sin rettstryggleik?

– Nei, det blir mindre viktig ut frå kva funksjon PST har, avsluttar Ellingsen.

ANSVAR FOR TRYGGLEIK

Ved Politiets tryggingsteneste er informasjonsleiar Trond Hugebakken mindre villig til å kommentere saka.

– Vi kan ikkje gå ut med detaljar. Spreiinga av masseøydeleggingsvåpen er eit spørsmål av global betydning, som vi må ta alvorleg, seier Hugebakken, og viser til sin kollega i Bergen.

Overvakingssjefen i Hordaland, Steinar Karlsen, er ikkje samd med Hall Arnøy og Humlen i at dette er mistenkeleggjering:

– Det blir veldig lett misforstått, dette. Vi har eit ansvar for at alle skal kjenne seg trygge, også studentane som står på lista. Vi mistenker ingen.

– Kvifor spør de berre etter studentar frå ikkje-vestlege land?

– Det er vel ganske naturleg, når vi veit korleis den globale trusselen om spreiing av masseøydeleggingsvåpen er. Vi må snevre det inn.

Datatilsynet vil ikkje kommentere saka, då dei opplyser at arbeidet til PST ikkje er deira område. Dei viser til EOS-utvalet, det stortingsoppnemnde kontrollutvalet til tryggingstenesta. Heller ikkje EOS-utvalet vil kommentere saka i media, men tek eventuelt opp saka til intern handsaming.


– Verre i Iran

Iranske Saeid Shafighi står på lista til overvastår på lista til overvakingspolitiet. Det bekymkingspolitiet. Det bekymrar han ikkje - med mindre rar han ikkje - med mindre lista kjem på avvegar.

Shafighi har vore i Noreg i fire år, og er ikkje overraska over at namn, adresse, fødselsdato og statsborgarskap blir registrert av PST.

– Nei, det er ikkje eit stort problem for meg. Hadde dette vore i Iran, trengte ikkje etterretninga å ha spurt universitetet mitt om opplysingane. Dei hadde visst det allereie, seie studenten. Han studerer norsk for framandspråklege, og skal etter planane byrje på medisin etter sommaren.

– WHAT?

– Men det er to ting som er gale, seier Saeid Shafighi.

– For det fyrste eksklusiviteten. Kvifor vil dei berre ha namnet til oss som kjem utanfrå Vesten? Og kva skjer med denne lista? Vil den til dømes bli gjort tilgjengeleg for amerikansk etterretning? spør han.

– Hæ? Gjer dei det, undrar ei lett rysta Ruth Bett, landskoordinator for den internasjonale studentunionen i Noreg (ISU), da ho får vete om overvakinga. Elles vil ikkje ISU uttale seg om saka før dei har fått diskutert ho internt.

SPØRRETIME

På Stortinget trur ikkje SV-representant Siri Hall Arnøy at PST forstår at det kan oppfattast som mistenkeleg og overvakande å registrere ikkjevestlege studentar.

– Nettopp det at studentar lurer på om andre land får tak i slike lister, viser at tryggleikspolitiet må vere tilbakehaldne med å be om slike ting. Sjølv om dei formelt har rett til det.

Stortingsgruppa til SV vurderer no å ta opp saka med justisministar Odd-Einar Dørum i Stortinget sin spørjetime.

Du kan høre mer om denne saken i detbattprogrammet «Det offentlige rom» på Studentradioen torsdag kl. 18.00, fm 107,8 mhz.

28.01.04


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14