
Einkjønna fag
På tannpleiestudiet fins ikkje ein einaste
gut. På maskiningeniør er derimot over 90 prosent
av studentane gutar.
Tekst: BÅRD OPSANGER bard@studvest.no
Foto: HÅKON EIKESDAL hakon@studvest.no
– Me skulle gjerne hatt nokre gutar å ta oss
av, seier Veronica Urdal, tannpleiarstudent på andreåret.
Ho og resten av jentene saknar gutar på faget.
– Dei skulle i alle fall fått mykje merksemd
frå oss, smiler ho stort.
IKKJE SKIKKELEGE MENN?
Ho trur grunnen til at ingen gutar tar faget er at helse-
og omsorgsyrker er forbunde med jenter. Gutar med interesse
for odontologi vel tannlegestudiet framfor tannpleien, seier
ho.
– Kanskje dei ikkje kjenner seg som skikkelige menn?
spør ho.
Dei få gutane som har starta på tannpleien har
etterkvart gått over til tannlegestudiet.
– Men me gjer jo kjekkare ting enn til dømes
rotfylling. Pasientane er i det minste ikkje redd oss, seier
Urdal.
DÅRLEG INFO OM MASKIN
Siren Marøy har det totalt omvendt i høve
til Veronica Urdal. Ho er ei av dei få jentene på
maskiningeniørutdanninga ved Høgskolen i Bergen.
Og har vanskeleg for å skjula at det er kjekt med mange
gutar på faget.
– Me får nok meir merksemd enn jentene på
sjukepleiarutdanninga, gliser ho.
Marøy trur dårleg informasjon på vidaregåande
skule er hovudgrunnen til at få jenter vel maskiningeniørutdanning.
– Sjølvsagt kjem det an på interesse,
men det er heilt sikkert fleire jenter som hadde likt faget
om dei visste meir om det. Til dømes er det ingen av
venninnene mine som veit kva eg eigentleg driv med, seier
ho.
GJER IKKJE NOK
Likestillingsdirektør Long Litt Woon, trur óg
problemet ligg hos lærestadane.
Ho meiner universiteta og høgskulane treng å
marknadsføra seg betre for å auka rekrutteringa.
Matematisk-naturvitskapleg fakultet ved UiB er blant dei som
har lykkast med prisløna kampanjer som «Vi bryr
oss».
– Problemet ligg ikkje i kva dei gjer, men kva dei
ikkje gjer, seier ho.
|
KJØNNSFORDELING PÅ FAGA
|
| |
5 på topp-lista
|
|
|
| |
Kvinner:
1. Tannpleiestudiet 100%
2. Jordmorutdanninga 97,1%
3. Ergoterapeutdanninga 86,7%
4. Sjukepleiarutdanninga 86,4%
5. Sosionomutdanninga 84,7%
|
Menn:
1. Maskiningeniør 90,6%
2. Elektroingeniør 90,2%
3. Bachelor i informatikk 88,3%
4. Dataingeniør 88%
5. Bachelor i info.vit. 80,5%
|
|
|