– Snobbete pasientar
|
 |
PÅ KARRIERESENTERET.
– Dei fleste er ikkje klar over at det tek tid
å orientere seg på arbeidsmarknaden, seier
Tale Nesmann Berntsen og Ingrid Wiggen.
|
Karrieresenteret meiner studentane er altfor
dårleg førebudde når dei skal søkje
seg jobb etter studiane.
Tekst: RAGNHILD KONGSVOLL og VIDAR GUDVANGEN
ragnhild@studvest.no / vidar@studvest.no
Foto: CHRISTINE ERLBECK / christine@studvest.no
– Problemet er at dei fleste studentar
byrjar å tenkje på korleis dei kan skaffe seg
jobb altfor seint, meiner Ingrid Wiggen og Tale Nesmann Berntsen
ved Karrieresenteret i Bergen.
Dei har inntrykk av at studentane tenkjer for snevert når
det gjeld arbeidsmarknaden.
– Mange får sjokk når dei ikkje får
jobb med ein gang, og er ikkje klar over dei høge krava
for å få arbeidsløysetrygd.
PASIENTAR
Wiggen trur ikkje studentane veit kor mykje arbeid det ligg
i å skaffe seg jobb.
– Vi pleiar å skilje mellom «pasientar»
og «agentar». Pasientane sit og ventar på
at jobben skal falle i fanget på dei, medan agentane
går aktivt ut og skaffar informasjon og marknadsfører
seg. I dag har vi alt for mange pasientar, seier ho.
Nesmann Berntsen meiner løysinga for studentane er
å oppsøkje Karrieresenteret tidleg, og med deira
hjelp unngå unaudsynte nybyrjarfeil.
SNOBBETE
Nesmann Berntsen merkar seg at studentane tenkjer snevert
og unngår «usexy» yrker.
– På Historisk-filosofisk fakultet (HF) vil alle
jobbe i forlag, og på Samfunnsvitskapeleg fakultet (SV)
vil alle inn i UD. Og som siste utveg kan dei kanskje ta ein
lærarjobb, seier ho.
– Dette er ei snobbete haldning. Det verkar som studentar
ikkje veit kva kompetanse dei har, og kvar den kan brukast,
meiner Wiggen.
– Mange trur at drøymejobben skal ligge under
stillingsannonsene i Bergens Tidende. Det gjer den sjeldan,
seier ho.
BETRE PÅ NHH
– NHH er flinkare til å fortelje studentane
kva sjansar dei har. Næringslivet blir ein del av empirien
i undervisninga, seier Wiggen. Håvard Woldstad i Studentforeningen
ved NHH fortel at dei prøver å marknadsføre
studentane sine gjennom å invitere bedrifter til skulen.
– I tillegg har Næringslivsutvalget vårt
det siste halvanna året jobba aktivt med å marknadsføre
oss i utlandet, og invitere utanlandske bedrifter hit, seier
Woldstad.
Som på Universitetet har NHH ein årlig Karrieredag,
der 40 bedrifter besøker skulen.
Woldstad påpeiker at dette er satsing Studentforeningen
gjer utan finansiering frå skulen.
– UiB marknadsfører seg ikkje
– Lite har skjedd med marknadsføringa av
UiB sidan eg gjekk der for 25 år sidan, seier seksjonssjef
i Aetat, Ole Sæle.
VIDAR GUDVANGEN vidar@studvest.no
– Det er lettare å vite kva kvalifikasjonar
ein økonom eller jurist har, samanlikna med meir diffuse
fagkombinasjonar ved universitetet. Sæle trur næringslivet
i mange høve ikkje er medvitne kvalifikasjonane universitetsstudentane
sit på.
– NHH og høgskulane er flinkare enn universitetet
til å samarbeide med næringslivet, seier Sæle.
Han ser positivt på tilbodet studentane har gjennom
Karrieresenteret, men peikar samstundes på at det er
avgrensa kor mange senteret kan hjelpe.
HALDE PÅ JOBBEN
Sæle er ikkje heilt samd i Karrieresenteret sin kritikk
av UiBstudentane som «pasientar».
– Mange trur dei har krav på dagpengar og får
seg ei overrasking når dei kjem til oss. Eg har likevel
inntrykk av at dei fleste ynskjer å kome i aktivitet,
understrekar Sæle. Han rår studentar til å
halde på deltids- og sommarjobben i påvente av
den endelege jobben.
– Det beste er å søkje jobb frå
ein annan jobb, seier han.
– KAN BLI BETRE
– Ei viktig årsak til at Karrieresenteret vart
oppretta, var nettopp for å vere eit bindeledd mellom
studentane og arbeidsmarknaden, seier UiB-rektor Kirsti Koch
Christensen. Ho tek kritikken frå Aetat på alvor,
men seier UiB ikkje har konkrete tiltak på blokka dag.
– Det ville nok vore tenleg at våre allmennfaglege
fakultet, HF og SV, i sterkare grad marknadsfører sine
kandidatar, innrømmer Kock Christensen.
– Vi håpar kvalitetsreforma i større grad
skal gi studentane eit klarare papir på kva kvalifikasjonar
dei har etter studia, seier Koch Christensen.
GODE PÅ DET OFFENTLEGE
– I høve til spesielle delar av næringslivet
er nok NHH komne lenger enn oss, vedgår dekanus ved
Samfunnsvitskapeleg fakultet, Alf Erling Risa.
– Men eg er ikkje sikker på at vi på SV
ligg så mykje etter realfaga når det gjeld å
sjå til næringslivet, seier han.
Han er derimot nøgd med SVfakultetet si satsing på
det offentlege, og viser til tett samarbeid med Helse Bergen,
Statistisk sentralbyrå og ulike departement. Han trur
studentane blir meir attraktive etter kvalitetsreforma.
– Det nye systemet signaliserer meir individualisme
i valet av fagkompetanse
Har søkt jobb i halvanna år
Tekst: VIDAR GUDVANGEN vidar@studvest.no
Foto: ANNIKEN C. MOHR anniken@studvest.no
Sidan ho var fedig utdanna våren 2003, har May Britt
Nyvoll (26) søkt på ei rekkje stillingar - utan
hell.
|
 |
PÅ LEIT. Trass i
opne dører på Vektertorget, er draumejobben
som jurist i Barnevernet framleis eit stykke unna for
May Britt Nyvoll.
|
– Eg har søkt over heile Sør-Norge, men
har fått beskjed om at eg manglar relevant arbeidserfaring
kvar gong, fortel den unge juristen. No tener ho til livets
opphald på ein sjukeheim i Bergen. Nyvoll oppfordrar
jobbsøkande til å vende blikket ut av byane.
– Når eg har søkt på stillingar
i Bergen har det vore ca 150 søkjarar, mot kanskje
20 i distrikta. Nyvoll saknar meir engasjement frå universitetet
si side.
– Eg har ikkje opplevd at UiB marknadsfører
studentane utanom den årlege karrieredagen, seier Nyvoll.
Ho føler heller ikkje at Aetat har noko å tilby
ho som akademikar.
– Då eg registrerte meg som jobbsøkjande
hos Aetat, følte eg at dei ikkje hadde noko å
tilby meg. Hos Karrieresenteret har Nyvoll derimot fått
hjelp.
– Dei hjelper med søknader, CV og ulike kurs.
Det er dessutan eit godt tilbod for meg som ikkje har PC heime,
fastslår 26-åringen.
Vil ha trygd
RAGNHILD KONGSVOLL ragnhild@studvest.no
Audun Lysbakken frå SV meiner det ikkje er studentane
sin feil at dei går arbeidslause, og at dei må
få tid til å søkje jobbar etter utdanning.
– Mitt inntrykk er at det er systemet som sviktar.
Det er rett og slett ikkje nok jobbar, og nyutdanna studentar
går utan jobb, seier han.
Lysbakken føreslår ei trygdeordning liknande
den svenske, der studentane får trygd medan dei søkjer
jobbar.
– For å få arbeidsløysetrygd må
du ha hatt ei årsløn på over 85.000, noko
svært få studentar har sjanse til. Slik ordninga
er idag hamnar studentane mellom to stolar, seier han. SV-representanten
syns det er feil å straffe dei som tar høgare
utdanning.
– Dersom vi ønskjer at ungdom skal ta høgare
utdanning, må vi gjere det attraktivt for dei, og hjelpe
dei i den vanskelege overgangen til arbeidsmarknaden.
Fem på gata
Tekst: RAGNHILD KONGSVOLL ragnhild@studvest.no Foto: CHRISTINE
ERLBECK christine@studvest.no
1. KVA VIL DU BLI NÅR DU BLIR STOR?
2. KORLEIS VIL DU GÅ FRAM FOR Å FÅ DEG JOBB?
ADELINE
LANDRO (24),
ADMINISTRASJON- OG ORGANISASJONSPSYKOLOGI.
1. Eg vil bli konsulent.
2. Trur det er ganske lett å få
ein konsulentjobb. Hadde tenkt å sende ut søknadar
etter eg er ferdig med utdanninga.
GERT
OVE MOLLESTAD (23),
SAMANLIKNANDE POLITIKK.
1. Skal prøve å bli journalist.
2. Har allereie ein fot inne i ei avis, så
eg reknar med at det vil gå greit. Eg har også
levert ut søknadar, og vil vel studere til eg får
svar.
ANDERS
KAMBO TANGERÅS (22),
ADMINISTRASJON- OG ORGANISASJONSTEORI, OG MIDTAUSTENKUNNSKAP.
1. Draumen er å
bli tatt opp i UD sin aspirantskule, og seinare bli diplomat.
2. Vil ta hovedfag i historie, og lære
meg eit språk som få andre kan.
JON
ARVE BJORDAL (22),
MIDTAUSTENKUNNSKAP/EXFAC.
1. Eg har tenkt å bli lærar.
2. Eg vil fullføre hovudfag, og ta
lærarutdanning. Ein får praksis som del av utdanninga,
så da bør ein vel knytte kontaktar. Skal byrje
å søkje tidleg.
INGVILD
KLEIVELAND VEVLE (22),
NORDISK LITTERATUR OG LINGVISTIKK.
1. Eg veit ikkje, har tenkt på
lærar.
2. Vil ta hovudfag og pedagogikk, og byrje
å søkje etter studiane. Kanskje prøve
meg som vikar først?
|