Kunnskapens gule sider

Kunnskap er sære saker. Den beste indikatoren
på kor mykje du veit, er som regel å måle
kor usikker du er. Er du full i tvil om din eigen kunnskap,
veit du mest truleg mykje. Seier du derimot som stortingsmann
Per Sandberg (FrP - og det er ikkje tilfeldig) at «alle
veit då kva sharia er», er du neppe den skarpaste
kniven i skuffa. Å vere lur er ikkje særleg populært.
Å ha inngåande kunnskap er ofte det same som å
melde seg ut av samfunnet. Kunnskap er fysjom. Kunnskap er
for dei særleg interesserte.
I eit slikt samfunn er det forståeleg at grupper av
kunnskapsformidlarar, lat oss for moro kalle dei professorane,
blir som små, lukka sekter med hemmeleg medlemskap.
Diskusjonen og formidlinga skjer innanfor sektas veggar, og
nye medlemmer må bli anbefalt av minst tre andre. Berre
dei som har eit visst kunnskapsnivå skal få glede
av andre og nye tankar. Samfunnet vil ikkje ha kunnskap -
til det er vi for dumme, og professorane vil heller ikkje
dele kunnskapen med samfunnet. Vi kan godt kalle det innadvendt
akademia.
Likevel skjer det at folket utanfor får seg til å
like populære professorar. Eller, om ikkje like, så
i alle fall akseptere dei. Akseptere dei fordi dei er i stand
til å formidle kunnskap på ein måte som
ikkje inkluderer meir framandord enn heimeord, ikkje har formuleringar
som mest liknar tyske leddsetningar, og fordi dei klarer å
ta for seg eitt poeng av gongen. Frank
Aarebrot er eit supert døme på den Populære
Professor.
Så har han då og, i ein av dei 244 artiklane
han har blitt sitert i dei største avisene og NTB i
fjor, sagt det som det er: Professorane skal bli brukt som
kunnskapens gule sider. Det har skattebetalarane krav på.
Det fins òg andre formidlarar: Jostein Gripsrud og
Terje Tvedt er så populære at dei har formidla
sin kunnskap i tv-seriar, ein om media og ein om vatn. Og
sjølv om seriane nett ikkje har dramaturgien til Judging
Amy, er dei likevel eineståande på sine måtar:
Seriøs kunnskapsformidling gjennom ditt flimrande fjernsyn.
Forbausande ofte blir populære professorar upopulære
blant professorane. Sjå på evigpopulære
Thomas Hylland Eriksen. Nei, han er ingen revolusjonær
antropolog, men akk så misunningsverdig dyktig til å
fronta antropologi i media. Han slår ikkje Aarebrot,
men med over hundre siteringar er også han med i formidlingstoppen.
Likevel blir han stadig skulda for å popularisere faget,
som om popularisering er det same som vulgarisering. Det treng
det på ingen måte vere. Vegringa mange av sektene
har for det populære er bortkasta elitetenking frå
eit anna århundre.
Samfunnet treng professorane, men professorane treng ikkje
eit samfunn å formidle til. Då heller diskutere
teori på interne seminar og konferansar. Og publisere
artiklar tilgjengeleg for sektas medlemmar, men ingen andre.
Det trengs også. Men snille professorar: Bli gjerne
meir populære. Det er for få av dykk.
ØYVIND LEFDAL EIDSVIK /
oyvind@studvest.no
Nyhendejournalist i Studvest
Illustrasjon: MONICA TRONSTAD
17.03.04
|