Musikalsk fordjupningsemne
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 20 |
| Undervisningssemester | Haust og vår. Emnet starter i haustsemesteret, og går over to semester. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal styrkje evna til fagleg refleksjon og sjølvstende gjennom arbeidet med ei musikalsk fordjuping. Fordjupinga skal knyttast til eiga utøving/skaping, og ha ein avgrensa og tydeleg definert problemstilling, som til dømes kan dreia seg om interpretasjon, oppføringspraksis, stilforståing, verkforståing/analyse, ein historisk epoke, ein komponist, eit musikalsk miljø eller refleksjonar over kompositoriske problemstillingar som er knytte til visse teknikkar og estetiske uttrykk.
Læringsutbyte/resultat
Studentene skal kunne:
- evne å setje seg inn i og avgrense eit temaområde med relevans for eiga utøving/komponering
- uttrykkje, diskutere og formidle relevante musikalske problemstillingar
- evne å søkje og kritisk behandle relevant kjeldemateriale (tekstar, partitur, innspelingar m.m.) i arbeid med eiga utøving/komponering
- bevisstgjere seg og argumentere for eigne kunstnariske vurderingar i arbeidet med eiga utøving/komponering
Undervisningssemester
Haust og vår. Emnet starter i haustsemesteret, og går over to semester.
Undervisningsspråk
Det vil bli brukt både norsk og engelsk i undervisninga. Individuell rettleiing vil bli gitt på norsk eller engelsk etter behov. Undervisning i seminarform/gruppe vil, avhengig av den språklege samansetninga av studentgruppa, gå føre seg på norsk eller engelsk.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon.
Krav til forkunnskapar
For utøvarar må emna MUV301, MUV302, MUV310 og MUV311 vere gjennomførde og greidde. For komponistar må emna MUV 301, MUV302, MUV315 og MUV316 vera gjennomførde og greidde.
Undervisning og omfang
Undervisninga er individuell rettleiing gjennom begge semestra og einskilde fellesseminar.
Obligatoriske arbeidskrav
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter ordinært eksamenssemester.
Vurderingsformer
Anten:
Ei skriftleg oppgåve (lengd 20-25 sider, 60.000 ¿ 75.000 teikn +/- 10%, linjeavstand 1.5 marg 2.5 cm, Times New Roman 12p). Illustrasjonar, litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg.
Eller:
Eit føredrag (konsert- eller demonstrasjonsforedrag, lengd: ca. 60 minutt) som det skal gjerast lyd ¿ og bildeopptak av.
Anten ein skriv oppgåve eller held eit føredrag, skal ein lage eit samandrag av fordjupingsarbeidet på engelsk (1-2 sider) med tilhøyrande kjeldeliste.
Oppgåva eller føredraget skal vere levert/gjennomført innan 15. mai i vårsemesteret (15. november i haustsemesteret).
Sensur: minst to sensorar, der ein skal være ekstern.
Karakterskala
Greidd eller ikkje greidd.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Jamleg evaluering skjer i dialog mellom rettleiar i fordjupingsemne og studenten.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no