Familien i endring
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vil variere - vår/haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
SOS111 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda innan Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Velferd, ulikskap og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemne er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innafor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil og gje eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Vidare er målsetjinga med SOS111 å skape auka forståing for mangfaldet og variasjonane i familieliv og relasjonen mellom kjønna, i høve til økonomiske, kulturelle og geografiske mønster. Kurset held seg vesentlig til familien i norsk og vestleg kontekst, men det vil og i nokon grad skildrast og forklarast korleis familieinstitusjonen har endra seg globalt.
Emnet rettar merksemda mot endringar i familien i det 20. og 21.århundre. Det vil særleg ta opp dei store sosiale omveltingane som verka til å endre tilhøva i privatsfæra etter 1970. Stikkord i denne samanhengen er: kvinners utmarsj i yrkeslivet, seksuell frigjering, auking i fødslar utanfor ekteskap, nye samlivsformer (heterofilt sambuarskap og partnarskap mellom homofile), skilsmisser, serielt monogami, ein-personshushald og far frå forsørgjar til omsorgsperson.
Det fokuserast på
- Korleis innhaldet i familieomgrepet har endra seg.
- Kva for konsekvensar moderniserings- og individualiseringsprosessar i samfunnet har hatt for kjønns, generasjons, familie- og slektsrelasjonar. Endringsperspektivet og det historiske perspektivet vil stå sentralt, saman med kjønnsperspektivet.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne
- Gjere greie for sentrale tema, teoritradisjonar og problemstillingar i sosiologien på området familie og intime relasjonar.
- Gjere greie for forsking innan fagområdet og om ulike metodiske tilnærmingar, og om korleis dei kan verta anvende til å gje kunnskap på området.
- Anvende teori og forskingslitteratur på området til å diskutere konkrete problemstillingar skriftleg.
- Tileigne seg, vise til og anvende teori og forsking til å diskutere ulike problemstillingar om familiens stilling og utvikling i samfunnet.
Undervisningssemester
Vil variere - vår/haust
Eksamenssemester
Vil variere - vår/haust
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Sosiologisk institutt
Tilrådde forkunnskapar
SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar
Undervisning og omfang
20-24 timar førelesingar
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
Sosiologisk institutt; studieveileder@sos.uib.no