Gå til innhold
English A A A
Emne SOS115

Miljøsosiologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vil variere
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

SOS115 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Miljø, migrasjon og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Målet med emnet er å gje studentane brei kunnskap om samfunnsfaglege, og spesielt sosiologiske, perspektiv på korleis miljøproblem oppstår, vert oppfatta, utviklar seg, og eventuelt vert løyst, samt kva sosiale konsekvensar dei har. Studentane skal få fagleg grunnlag for å kunne delta i diskusjonar om miljøproblem, og til å bidra i diskusjon av løysingar på slike problem og dei sosiale følgjeproblema deira. Kurset gjev mellom anna ein oversikt over tradisjonelle samfunnsfaglege syn på høvet mellom samfunnet og det biofysiske miljøet, ei innføring i viktige trekk ved nyare miljøsosiologi, ein presentasjon av økologiske perspektiv på natur og samfunn, og ein diskusjon av realistiske og konstruktivistiske perspektiv på miljøet.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

 

  • Gjere greie for ulike generelle samfunnsfaglege perspektiv på miljøproblema, inkludert sosial konstruktivisme og realisme

 

  • Gjere greie for ulike syn på usikkerhet, risiko, vitskap og kunnskap om miljø

 

  • Gjere greie for sentrale teoriar om dei sosiale årsakene til miljøproblem og om høvet mellom sosiale og økologiske system

 

  • Gjere greie for ulike typar miljøforvaltningsproblem i(allmenningens dilemma, fordelingsproblem og ulike styringsproblem), samt ulike typar miljøforvaltningsprinsipp

 

Finne fram til og presentere informasjon om miljøproblem og miljøforvaltning, og delta i diskusjonar om dette med fagleg grunngjevne argument

Undervisningssemester

Vil variere

Eksamenssemester

Undervisningssemesteret

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar.

Undervisning og omfang

Førelesingar: til saman 20-24 timar.

Ca. 20 timar seminar.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk innlevering av oppgåve (3000 ord, +/- 10 prosent).

Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjend før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og det påfølgande eksamenssemesteret

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no