Masterprogram i medisinsk biologi
Studieretningar:
- Medisinsk cellebiologi
- Human fysiologi
- Biomedical Image Sciences
Medisinsk cellebiologi
Mål og innhald
Masterstudiet i medisinsk cellebiologi fokuserer på grensesnittet mellom cellebiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om cellulære biokjemiske og molekylærbiologiske prosessar, om korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar og dermed bidreg til utvikling av terapeutiske behandling. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av moderne medisinsk cellebiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.
Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av eit omfattande metodekurs der studentane utfører praktisk laboratoriearbeid integrert i forskingsgrupper. Andre semester startar med eit kurs i cellekommunikasjon og intracellulær signalering. Alle desse tre emna er obligatoriske og gjev til saman 40 studiepoeng. Studenten vel sjølv emne på til saman 20 studiepoeng.
Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), kan studenten bli del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.
Læremiddelomtale: Mange av emna nyttar "Molecular Biology of the Cell", Alberts et al. som ein del av pensum. I tillegg kjem andre bøker, review-artiklar og originalartiklar.
Delstudium i utlandet
Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Vi har utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Det er også mogleg å dra på utveksling på masteroppgåva (siste året) til Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland eller Københavns Universitet.
Yrkesvegar
Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:
Forsking
Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.
Laboratoriearbeid
Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.
Undervisning og offentleg sakshandsaming
Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.
Privat næringsliv
Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.
**************************************************************************************
Intervju med tidligare student
Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb
Karrierearrangement
Rapport frå karrieredag 2010:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene
Rapport frå alumnusdag 2011:
Studiestart - semester
Kvar haust
Opptakskrav
Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.
Alle søknader vert behandla individuelt.
Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.
Det forutset god kjennskap til skriftleg og munnleg engelsk ettersom alle emne vil verte undervist på engelsk.
Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet.
Du søkjer opptak via søknadsweb: https://soknadsweb.uib.no
Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Meir informasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 40
Namn på grad
Mastergrad i medisinsk biologi - studieretning medisinsk cellebiologi
Omfang og studiepoeng
To år (120 studiepoeng)
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Studiestart - semester
Kvar haust
Mål og innhald
Masterstudiet i medisinsk cellebiologi fokuserer på grensesnittet mellom cellebiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om cellulære biokjemiske og molekylærbiologiske prosessar, om korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar og dermed bidreg til utvikling av terapeutiske behandling. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av moderne medisinsk cellebiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.
Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av eit omfattande metodekurs der studentane utfører praktisk laboratoriearbeid integrert i forskingsgrupper. Andre semester startar med eit kurs i cellekommunikasjon og intracellulær signalering. Alle desse tre emna er obligatoriske og gjev til saman 40 studiepoeng. Studenten vel sjølv emne på til saman 20 studiepoeng.
Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), kan studenten bli del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.
Læremiddelomtale: Mange av emna nyttar "Molecular Biology of the Cell", Alberts et al. som ein del av pensum. I tillegg kjem andre bøker, review-artiklar og originalartiklar.
Læringsutbyte
Etter avslutta masterstudium i medisinsk cellebiologi skal studentane kunne:
Kunnskapar
- Vise avansert kunnskap innenfor/om sentrale cellulære prosessar i eukaryote celler, samt om fagområdets metodar
- Vise spesialkunnskapar innanfor et avgrensa område (jfr. masteroppgåva)
Ferdigheiter/generell kompetanse
- Kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innanfor medisinsk cellebiologi, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
- Gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer.
- Anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
- Skriftleg og munnleg kommunisere medisinsk cellebiologiske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte.
- Forklare grunnforskinga si rolle i moderne medisin.
Opptakskrav
Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.
Alle søknader vert behandla individuelt.
Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.
Det forutset god kjennskap til skriftleg og munnleg engelsk ettersom alle emne vil verte undervist på engelsk.
Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet.
Du søkjer opptak via søknadsweb: https://soknadsweb.uib.no
Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Obligatoriske emne
Følgjande emne er obligatoriske:
- BMED310 Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
- BMED320 Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
- BMED330 Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 sp)
- BMED395 Masteroppgåve i medisinsk biologi (60 sp)
Alle obligatoriske emne i programmet, samt 20 valfrie sp som er godkjent av programutvalet, må vere bestått før ein kan avlegge endelig mastergradseksamen. Studentane må gjennomføre to progress-rapportar (munnleg presentasjon) i løpet av studiet. Masteroppgåva må leverast seinast 1. juni i fjerde semester. Studiet vert regulert av ein mastergradsavtale.
Tilrådde valemne
Studentane må ta 20 sp valfrie emne. Minst 10 av desse må vere tilrådde valemne:
- BMED331 - Tumorbiologi (10 sp)
- BMED381 - Biomedisinsk ernæringsfysiologi (5 sp)
- HUPAT301 - Basal humanpatologi (5 sp)
- HUIMM303 - Human immunobiology (10 sp)
Dei siste 10 valfrie studiepoenga kan takast ved eit anna institutt, fakultet eller høgare utdanningsinstitusjon (universitet/høgskule). Merk at emnet må vere relevant for studiet og godkjennast av programutvalet. Søknad til programutvalet må sendast til: studie@biomed.uib.no i god tid før emnet startar.
Døme på emne kan vere:
- HUCEL350A - Evaluering, kvalitetsovervaking og tolking av biokjemiske analysar (10 sp)
- INF282 - Bioinformatiske metodar I (10 sp)
- MOL310 - Strukturell Molekylærbiologi (10 sp)
- HUIMM307/308 Basic/Advanced course in Flow Cytometry (5 sp)
- BMED205 - Skriveteknikk og dataanalyse (5 sp)
- BMED380 - seminarserie (5 sp)
- NUCLI361 - Proteiner, peptider og aminosyrer - biokjemi og metabolisme (5 sp)
- NUCLI362 - Genetic disorders in nutrient metabolism (5 sp)
- BMED339 - Nevrokjemi (5 sp)
- HUIMM306 - Molecular and Cellular Methods in Immunology (5 sp - overlapper 5 sp med BMED320)
- Pharmaceutical Bioinformatics (7,5 sp), internett basert kurs ved Uppsala Universitet, Sverige
Rekkefølgje for emne i studiet
Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er samansett av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av andre året arbeidar studenten på eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).
1. semester
BMED310 Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
BMED320 Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
2. semester
BMED330 Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 sp)
Valfrie emne (20 sp)
3. og 4. semester
Masteroppgåve (60 sp)
Kort tid etter studiestart vil studentane bli informert om kva for oppgåver som er tilgjengelege. Studentane oppfordras sterkt til å velje oppgåve innan 1. februar, og heilt unntaksvis innan slutten av andre semester.
Studenten vil normalt vere tilknytt ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin, men kan og vel prosjekt ved andre institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Alle oppgåver skal godkjennast av programutvalet. Den skriftlege masteroppgåva består av ein introduksjon, skildring av materiale og metodar, ein presentasjon og ein diskusjon av oppnådde resultat (totalt 60-80 sider).
Delstudium i utlandet
Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Vi har utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Det er også mogleg å dra på utveksling på masteroppgåva (siste året) til Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland eller Københavns Universitet.
Undervisningsmetodar
Førelesingar, demonstrasjonar, sjølvstudium, gruppearbeid, laboratoriearbeid.
Vurderingsformer
Skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege og munnlege presentasjonar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått eller karakterskala A-F.
Grunnlag for videre studium
Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad). Merk at enkelte doktorgradstipend krev at karakteren på endeleg mastereksamen er på eit høgt nivå.
Relevans for arbeidsliv
Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:
Forsking
Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.
Laboratoriearbeid
Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.
Undervisning og offentleg sakshandsaming
Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.
Privat næringsliv
Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.
**************************************************************************************
Intervju med tidligare student
Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb
Karrierearrangement
Rapport frå karrieredag 2010:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene
Rapport frå alumnusdag 2011:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2011/05/dette-ble-vi
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.
Programansvarleg
Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen ved programutvalet for medisinsk biologi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen
studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 39/40
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Medisinsk cellebiologi (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| BMED310 | Vitskapsteori og forskingsetikk | 5 | 1 | |||||||||
| BMED320 | Metodar i medisinsk cellebiologi | 25 | 1 | |||||||||
| BMED330 | Cellekommunikasjon og intracellulær signalering | 10 | 2 | |||||||||
| Valfrie emne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Emna lista opp under er allereie godkjende som valgemne. I samråd med rettleiar og etter godkjenning i programutvalget er det mogeleg å velje emne på tilsaman 10 studiepoeng utanom lista (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar). | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BMED381 | Biomedisinsk ernæringsfysiologi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED331 | Tumorbiologi | 10 | 2 | |||||||||
| HUPAT301 | Basal humanpatologi | 5 | 2 | |||||||||
| HUIMM303 | Human Immunobiology | 10 | 2 | |||||||||
| BMED339 | Nevrokjemi | 5 | 2 | |||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BMED395 | Masteroppgåve i medisinsk biologi | 60 | 3 | |||||||||
| Rettleiingskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Rettleiingskontrakt for masterprogram i medisinsk biologi | - | - | ||||||||||