«Det er kaotiske tilstandar»
SOGNDALSDALEN: Dette biletet vart teke i Sogndalsdalen søndag ettermiddag.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRKDet ligg snø i vegbana på samtlege fjellovergangar i Sør-Norge. Mykje tyder på at slik vil det vere - nokre dagar framover.
Publisert 09.10.2011 13:42. Oppdatert 09.10.2011 15:49.
- Skriv ut
I dag er det «forbode» å køyre over fjellet med sommardekk, er den klare meldinga frå Statens vegvesen.
– Slik det er no, så rår vi berre til bruk av vinterdekk. Ingen må legge ut på vegane med sommardekk om dei skal over fjellet, seier vaktoperatør Lene Vestrheim hos vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen.
Har skapt problem
Rådet er både velforståande og godt. For samtlege fjellovergangar i Sør-Norge har no snø i vegbana. Snødekkje har skapt vanskar for bilistar er sikkert.
- LES OGSÅ: No har det kome snø i låglandet
- LES OGSÅ: Her hamna vogntoget

STENGD: Snøføret har ført til store problem for bilistane i Sogndalsdalen.
Foto: Arve Uglum/NRKOle Eivind Henden fortel om kaotiske tilstandar på veg gjennom Sogndalsdalen.
– Det er utruleg glatt. Vi telde to bilar i grøfta, den eine godt i grøfta, og fleire bilar med problem. Kjem du der på sommardekk, så har du ikkje grep sjølv i 20 km/t, fortel han.
Heile sør-Norge
– På veg sørover møter du snø når du kjem ut frå Frudalstunnelen. Det kan virke som om ikkje alle bilistane er budd på det, legg han til.

UTFOR: Bil sklei av vegen i Sogndalsdalen.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRKNRK har også snakka med fleire bilistar som fortel om svært vanskeleg føre gjennom Sogndalsdalen. Andreas Macsik er på veg frå Sogndal til Fjærland.
– Det er rett og slett såpeglatt. Eg er glad eg la om til vinterdekk i dag. Eg køyrde forbi tre bilar med problem; ein i grøfta, ein i autovernet og ein som ikkje kom seg av flekken. I tillegg har eg høyrt om ei trafikkulukke bak oss, seier han.
Det overraskar ikkje Vestrheim hos vegmeldingssentralen.
– Det er snødekkje i vegen på alle fjellovergangar i Sør-Norge. Det er ikkje snakk om store mengder, men det er nok til at det dekkjer vegen, seier ho.
Snø over 500 meter

BILBERGING: Dette biletet er teke i Sogndalsdalen.
Foto: Henning JuklestadStatsmeteorolog Oddlaug Nese seier at slik kan det fort bli dei neste dagane.
Det er venta nedbør dei neste dagane. Og den kan fort komme som snø.
– Snøgrensa vil variere lokalt, men frå 500 meter og oppover, så kjem nok nedbøren som snø. Skulle eg køyrt over fjellet, så ville eg skodd meg for det, seier Nese.
Nedbør i vente

FILEFJELL: Dårlege køyreforhold på Filefjell.
Foto: Asgeir Ripe– No kjem det ein front over oss som vil gi seg i løpet av ettermiddagen. Då vil det gå over til bygeaktivitet. Det blir litt mindre nedbør i kveld og natt, men vil ta seg opp att i morgon, seier statsmeteorologen.
- LES OGSÅ: Slik gjer du bilen din haustklar
Lyspunktet kjem først torsdag då Vervarslinga på Vestlandet sine modellar er samde om at det vil bli ein tørr og fin dag.
Siste saker frå yr.no
-
Fint høstvær i sør, vått i nord
- Såg fem regnbogar på ein gong
- Har vinteren kommet for å bli?
- Vinterhelg i nord, høstvær i sør
- Sjekk høstværet i Europa!
- Her kan det bli ulevelig i 2100
- «God gammeldags» høst i vente
- Fra «indian summer» til snøvær
- «Indian summer» i Sør-Norge
- Dødstallene etter flommen stiger
- Denne uken kan du nyte høstsola!
- Nippflo, springflo og stormflo
- Flott høstvær i fjellet neste uke
- Er dette vanlig høstvær?
- Nord-Norge er ukens værvinnere
- Motsetningene skaper lyn
- Skrape bilen i plussgrader?
- Klissvåt avslutning på uken
- Her har «Katia» regnet mest fra seg
- Mer regn i år enn årsnormalen

