Såg fem regnbogar på ein gong
FEM REGNBOGER: Sjå godt etter neste gong du oppdagar ein regnboge, kanskje ser du meir enn ein, oppfordrar meteorologen.
Foto: Rune BaastadFem regnboger på ein gong! Korleis er det mogleg?
Publisert 09.10.2011 09:00.
- Skriv ut
DOBBEL REGNBOGE: På grunn av at lyset vert brutt ein ekstra gong, vil rekkefølgen på fargene i den sekundære regnbogen vere omvendt, fiolett ytterst og rødt innerst.
Foto: Liv Tingstad Øverby
METEOROLOG: Merete Øiestad svarar yr-brukaren i «spør meteorologen».
Foto: PrivatSvar fra meteorologen
Det er nok ikkje så ofte ein observerer så mange regnbogar samtidig, eg har aldri sett det. Som regel ser vi berre den «heilt vanlege» regnbogen, altså den primære regnbogen.
Av og til ein svakare regnboge nummer to, altså den sekundære regnbogen i tillegg.
Vanleg regnboge
På bildet er regnbogen til venstre på himmelen primær regnbogen. Den litt svakare til høgre er ein sekundær regnboge. Legg merke til at fargane der er i motsett rekkefølge.
For å kunne sjå meir enn to regnbogar på ein gong må fleire kriterie vere oppfylt.
- Sola i ryggen
- Regndråpar framfor deg
- Stille vassflate eller anna flate som kan reflektere solstrålar
Fakta om regnbuen
Foto: KEVIN LAMARQUE/Reuters- Et optisk fenomen som skyldes sollysets brytning når det treffer vanndråper i atmosfæren.
- Fargene dannes ved at det synlige lyset spaltes i stråler med forskjellig bølgelengde når det passerer gjennom/reflekteres i dråpene.
- Rekkefølgen på fargene i hovedregnbuen er rød, oransje, gul, grønn, blå, indigo og fiolett, sett utenfra og innover.
- Fargene er omvendt (fiolett ytterst og rødt innerst) i den sekundære regnbuen fordi lyset reflekteres en ekstra gang.
- Regnbuer kan også dannes i forbindelse med tåke eller måneskinn. (Kilde: Metlex)
Refleksjonsregnboge
Regnbogen vi ser i midten er ein såkalla refleksjonsregnboge.
I tillegg til å ha sola i ryggen og regndråpar framfor deg, må det då vere ei stille vassflate eller ei anna flate som kan reflektere solstrålar.
I dette tilfellet treff solstrålar vatnet og bryt før dei treff regndråpane. Sidan vassflata må vere ganske stille for å få ein refleksjonsregnboge, er det ikkje så ofte ein ser slike regnbogar.
Under endå meir ideelle forhold enn på dette bildet kan ein sjå ein sekundær refleksjonsregnboge også.
Reflektert regnboge
Dei to regnbogane over vatnet blir kalla reflekterte regnbogar.
Dei ser ut som eit speilbilde av den primære og sekundære på himmelen. Solstrålane blir i dette tilfellet først avbøyde av regnråpar.
Deretter treff strålane vassflata. Og til slutt når strålane auget ditt.
Det er andre regndråpar som gir den reflektert regnbogen enn den primære og sekundære regnbogen
Meir om regnbogar:
Send oss gjerne bilder.
Helsing frå Merete
Spør meteorologen!
- Såg fem regnbogar på ein gong
- Nippflo, springflo og stormflo
- Motsetningene skaper lyn
- Dette er El Niño-fenomenet
- Fører raud kveldshimmel til vind?
- Værvarsel etter kompass eller kart?
- Mindre luftig krem i tordenvær
- Finvêret til høgre eller venstre?
- Hva er et kulelyn?
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Dette kan også skje i Norge
Siste saker frå yr.no
-
Fint høstvær i sør, vått i nord
- Såg fem regnbogar på ein gong
- Har vinteren kommet for å bli?
- Vinterhelg i nord, høstvær i sør
- Sjekk høstværet i Europa!
- Her kan det bli ulevelig i 2100
- «God gammeldags» høst i vente
- Fra «indian summer» til snøvær
- «Indian summer» i Sør-Norge
- Dødstallene etter flommen stiger
- Denne uken kan du nyte høstsola!
- Nippflo, springflo og stormflo
- Flott høstvær i fjellet neste uke
- Er dette vanlig høstvær?
- Nord-Norge er ukens værvinnere
- Motsetningene skaper lyn
- Skrape bilen i plussgrader?
- Klissvåt avslutning på uken
- Her har «Katia» regnet mest fra seg
- Mer regn i år enn årsnormalen

