Fører raud kveldshimmel til vind?
RAUD SOLNEDGANG: Vakkert lys i Linesfjorden i Åfjord.
Foto: Knut DreiåsKorleis kan vi lese vêret? yr.no-meteorologen tar for seg to kjende vêrteikn.
Publisert 28.08.2011 15:59.
- Skriv ut
Silje Øie frå Rindalen på Indre Nordmøre lurer på om det er ein samanheng mellom raud kveldshimmel og vind neste dag. Ho lurer òg på om ring rundt månen betyr kaldt vêr.
Spør meteorologen!
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no

RAUD SOLOPPGANG: Ved raud himmel og raude skyer ved soloppgang kan vi vente både nedbør og aukande vind.
Foto: Olaf Berli
HALO: Ring rundt månen kan bety kaldt vêr.
Foto: Geir ØyeRing i kald luft
Månelyset, som er reflekterte lysstråler frå sola, bryt når det går gjennom iskrystallar, og vi får ein ring rundt månen som blir kalla halo.
Det vil seie at når vi ser ein halo, har vi som regel berre høge, tynne skyer.
Kun høge, tynne skyer om natta fører til at bakken får eit stort varmetap, og lufta ved bakken blir avkjølt.
Så om du ser ein ring rundt månen om kvelden, blir det ofte ei kald natt og ein kald morgon.
Seier noko om temperaturen
Halo kan vere teikn på at det er lågare skyer med nedbør på veg.
Om vinteren fører dette ofte til at dagtemperaturen stig, medan det om sommaren gjerne er motsett.
Raudt lys på himmelen
Ein skyfri himmel ser blå ut fordi den blå delen av kvitt lys blir spreidd meir i atmosfæren enn den raude delen av kvitt lys.
Når sola går ned, blir vegen solstrålane går gjennom atmosfæren lenger, enn når sola står høgare på himmelen.
Vegen blir så lang at det blå lyset blir spreidd vekk. Støv og andre partiklar hjelper til med denne spreiinga.
Dermed ser vi det raude lyset som ikkje blir spreidd så mykje.
Kan betyr regn
Når vi ser ein raud solnedgang, betyr det at det er lite eller ingen skyer i vest.
Sidan vêret som regel kjem frå vest, kan vi vente opphaldsvêr og oftast ikkje så mykje vind.
Men ved raud himmel og raude skyer ved soloppgang, er det lite skyer i aust.
Då er det større sjanse for at det er lågtrykk og skyer i vest. I så fall kan vi vente både nedbør og aukande vind.
Helsing frå Merete
Les fleire spørsmål til yr.no-meteorologen:
Les
Spør meteorologen!
- Dette er El Niño-fenomenet
- Fører raud kveldshimmel til vind?
- Værvarsel etter kompass eller kart?
- Mindre luftig krem i tordenvær
- Finvêret til høgre eller venstre?
- Hva er et kulelyn?
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Dette kan også skje i Norge
- Skyene fekk regnbogens farger
- Hvorfor vind og torden om sommeren?
- Kvifor mest regn om sommaren?
Siste saker frå yr.no
Nå blir det enda våtere i sør - Dette er El Niño-fenomenet
- Planter og dyr flykter mot polene
- Klimaet kan utrydde viktige gener
- «Går» 275 meter nordover hver dag
- «Irene»-rester gir regn i helgen
- Den våteste sommeren noensinne
- Arter på flyttefot i et varmere Norge
- Ny redaktør skal ta yr.no videre
- Her blir det blå himmel og sol
- «Irene» kan komme til Norge
- Fører raud kveldshimmel til vind?
- Derfor er orkanen «Irene» så farlig
- Nytt gjørmebad for birkebeinerne?
- Derfor regnet det så mye i sommer
- Nå kommer høsten og nattefrosten
- Satellittbilder viser Afrikas tørke
- Værvarsel etter kompass eller kart?
- Fortsatt vekslende og varmt vær
- Sommer i september?

