Mine steder
Velg språk / Choose language:
SPØR METEOROLOGEN:

Skyene fekk regnbogens farger

Skyer i regnbyens farger (Foto: Marit/Privat)

FLERE FARGER: Da Marit så disse rare skyene, tok hun et bilde og sendte det til yr.no-meteorologen.

Foto: Marit/Privat

Ved solnedgang fekk skyene på kvar side av sola regnbogefargar.

Marit har sendt inn eit fint bilete av nokre skyer, og lurar på kva dette fenomenet blir kalla?

Spør meteorologen

Statsmeteorolog Haldis Berge
Foto: Marit Hommedal
  • I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
  • Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no

Hei Marit, og takk for spørsmålet!

Dette ser ut til å vere ei bisol.

Det er eit ganske vanleg fenomen som oppstår når solstrålane blir brotne gjennom iskrystallar i tynne skyer.

Fargane til ei bisol er dei same som ein finn i regnbogen. Fargane går frå raudt til blålig, med raudfargen nærast sola.

Bisol

Bisol, også kalla parhelion, blir danna ved at sollyset blir brote gjennom eller reflektert mot heksagonalforma iskrystallar i tynne skyer høgt over bakken.

Bisol kan ofte sjåast som ein lysande flekk på ei eller begge sider av sola, og er lettast å sjå når sola står lågt.

Se flere spørsmål til yr.no-meteorologen

Bisol (Foto: Joar Altermark )

SOLNEDGANG: Bisol er lettest å sjå når sola står lågt på himmelen.

Foto: Joar Altermark


Siste saker frå yr.no