Mine steder
Velg språk / Choose language:
SPØR METEOROLOGEN:

Kor våte blir vi når det regnar?

Bil spruter på fotgjenger (Foto: Bjarne Skjerve)

KLISS VÅT: Denne fotgjengeren har hugsa paraplyen, men det hjelper lite når dei andre trafikantane er uforsiktige.

Foto: Bjarne Skjerve

Når meteorologen varslar 30 millimeter regn på ein dag – kor våt blir du om du gløymer paraplyen heime? yr.no-meteorologen svarar.

Kor våte vi blir når vi er ute i regnet er avhengig av kva klede vi har på oss, kor mange millimeter nedbør som kjem, og kor lang tid denne nedbøren brukar på å falle ned på oss.

Spør meteorologen!

Merete Øiestad
Foto: Marit Hommedal
  • I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
  • Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no

Det er stor forskjell på å tømme ei 10-liters bøtte med vatn over hovudet på nokre sekund, og om den same mengda dett ned i løpet av eit døgn.

Så mykje kjem i dusjen

La oss sjå nærare på noko skikkeleg vått - dusjen.

Ein grei illustrasjon kan vere ein sparedusj som gir åtte liter i minuttet. Vi kan gå utifrå at vatnet frå dusjen fordeler seg på ein kvadratmeter.

Dusj i sommersol (Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no)

SKIKKELEG VÅTT: I ein sparedusj blir det meir nedbør på eitt minutt, enn ein har målt i naturen i Norge.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Sidan ein liter per kvadratmeter er det same som ein millimeter nedbør, betyr det at vi i dette tilfellet får åtte millimeter nedbør på eitt minutt.

Maryland har verdsrekorden

Så mykje nedbør har ikkje blitt målt i Norge på eitt minutt.

Norgesrekorden for nedbør registrert på eitt minutt er på 4,3 millimeter frå både Gardermoen og Molde.

Fleire norske verrekordar finn du her.

31,2 millimeter på eitt minutt i Maryland, USA, blir rekna som verdsrekord.

Så våt blir du

Ei regnbye som gir 10 millimeter nedbør på 10 minutt, er etter norske forhold ei ganske kraftig regnbyge.

Det blir like mykje regn som å tømme denne 10-liters bøtta med vatn ut på ei flate på ein kvadratmeter.

Med andre ord, du blir gjennomvåt dersom du har gløymt paraplyen eller regntøyet.

Ein millimeter nedbør på 10 minutt vil vere ei meir moderat regnbyge.

Og 0,1 millimeter kan samanliknast med cirka fem sprut frå ei sprayflaske på toppen av hovudet, og vil berre gjere oss litt fuktige i håret.

Fleire spørsmål til yr.no-meteorologen:

Siste saker frå yr.no