Fra varmt til kaldt på ein dag
VÆROMSLAG: I slutten av april var det sommar på Huk. Og plutseleg var det over. Ein årsak til bråe temperatursvingningar kan vere fønvind, forklarar meteorolog Haldis Berge.
Foto: Heiko Junge/ScanpixKorleis kan vêrforskjellane vere så store frå ein dag til neste?
Publisert 05.06.2011 08:00.
- Skriv ut
Vi har alle kjent det. Ein dag skin sola og varmar vinterkalde kroppar. Vi gler oss til sommar, men neste dag er det med ett kjøleg.
Christine lurar på kvifor det ein dag kan vere veldig varmt, mens det neste dag er nesten det same veret, men mykje kaldare?
Spør meteorologen
Foto: Marit Hommedal- I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Hei Christine, og takk for spørsmålet!
Det er i stor grad vindretninga og kor ei luftmasse kjem ifrå som avgjer kva temperatur det blir. Ein årsak til temperaturendring kan vera fønvind. Fønvinden førar til lokal temperaturstigning.
Kva er fønvind?
Fønvind skyldast at luft tvingast nedover på lesida av ei fjellkjede. Når lufta tvingast ned ei fjellside vil lufta bli pressa samen (lufttrykket auke) og temperaturen stig. Når lufta er tørr vil temperaturendringane med høgda vera på cirka ein grad celsius for kvar hundre meter.
Om luft frå 1200 m over havet tvingast ned til havoverflata, vil temperaturaukinga tilsvara kring 12°C. Føneffekten er mest markant om ein har relativt høge temperaturar i høge luftlag.
For å få denne tvungne nedsynkinga av lufta er det nødvendig med sterke vindar i høgda. Les meir om føneffekten i Metlex.
Kva tid får ein fønvind?
På Austlandet er fønvind vanleg ved vestleg eller nordvestleg vind. På Vestlandet merkast denne effekten når ein har sterke søraustlege vindar. Ein del fjordstrok på Nordvestlandet (som Tafjord og Sunndalsøra) slår stadig vekk til med temperaturrekordar i typiske fønsituasjonar.
I Trøndelag førekjem fønvind ved vind mellom sørvest og søraust, og i Nord-Noreg ved vind over større fjellområde som Lyngsalpane eller grensefjella mot Sverige og Finland.
Helsing Haldis
Spør meteorologen!
- Hva er et kulelyn?
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Dette kan også skje i Norge
- Skyene fekk regnbogens farger
- Hvorfor vind og torden om sommeren?
- Kvifor mest regn om sommaren?
- Melder «smukt» og «ustadigt vejr»
- Fra varmt til kaldt på ein dag
- Kor våte blir vi når det regnar?
- Kor sterk er ein orkan?
- Hvor mye regner det i hagen din?
Siste saker frå yr.no
-
Titusenvis evakuert på Filippinene
- Gode sjanser for sol denne uken
- Mange fortsatt evakuert etter flom
- En kliss våt uke på Sørlandet
- Uværet er på vei mot Østlandet
- Sol, sommer og 25 varmegrader
- Hva er et kulelyn?
- Opplever opp mot 50 varmegrader
- Slik har sommeren vært i år
- Finværet finner du fortsatt i nord
- De varmeste dagene var lengst nord
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Snø på verdens tørreste sted
- Her blir det bra vær i helgen
- Mot rekordlite is i Arktis i sommer
- Nå skinner endelig solen i sør
- Derfor bommer yr.no på bygene
- Fortsatt for kaldt i sjøen for deg?
- Trønderne kan juble denne uken
- – Turistene forventer kalde somre

