Er finvêret til høgre eller venstre?
FINVÊRET TIL HØGRE: Atlanterhavsvegen i brytning mellom regn og sol.
Foto: Solveig Irene S. SmørholmHøgtrykk og lågtrykk har mykje å sei for kvar det blir fint vêr, og kvar det blir skitvêr. yr.no-meteorologen svarar på spørsmål om dei to.
Publisert 31.07.2011 10:00.
- Skriv ut
yr.no-lesar Berit frå Østfold lurer på om det stemmer at når ein har vinden i ryggen, er lågtrykket med regn og skitvêr til venstre, og høgtrykk med sol og godvèr til høgre.
Spør meteorologen!
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Jan Solberg har høyrt på maritim vervarsel i sommar, og undrar seg over at det blei snakka om lågtrykk på 1019 hPa.
Han lurer på om ikkje skiljet mellom høgtrykk og lågtrykk går ved normaltrykket på 1013 hPa.
Hei og takk for spørsmåla.
Ja, det stemmer at når ein har vinden i ryggen, er lågtrykket til venstre, og høgtrykket til høgre for oss.
Høgtrykk har vi der lufttrykket er høgare enn omgjevnadane. Og lågtrykk der lufttrykket er lågare enn omgjevnadane.
Som regel betyr høgtrykk sol medan lågtrykk gjev grått og vått ver.
På den nordlege halvkule bles det mot klokka rundt eit lågtrykk, og med klokka rundt eit høgtrykk. Slik at når du står med vinden i ryggen vil du ha gråveret til venstre og finveret til høgre.

MED VINDEN I RYGGEN: Lågtrykket ligg til venstre og høgtrykket til høgre. Pilane viser vindretninga rundt høgtrykk og lågtrykk.
Foto: Illustrasjon, Meteorologisk InstituttOm trykket i eit lågtrykk
I gjennomsnitt er lufttrykket ved havoverflata 1013 hPa (hektoPascal), og dette blir også kalla normalt lufttrykk. Som oftast er vi nærmast eit høgtrykk når trykket er over 1013 hPa.
Lufttrykk
- Er vekten av all luften i en søyle over instrumentet eller målepunktet.
- Lufttrykk oppgis i hektopascal, hPa (1 hPa = 100 Pa).
- Synker lufttrykket raskt - kanskje 10 hPa på tre timer - går det mot dårligere vær.
- En rask stigning av lufttrykket kan vise at det dårlige været har passert og man kan forvente en bedring i været. (Kilde: Metlex)
Høytrykk og lavtrykk
- Høytrykk er et område hvor lufttrykket på en flate (f.eks bakken) er høyere enn omgivelsene.
- Det kjennetegnes med nedsynking av tørr kald luft over et stort område.
- Lufta virker skyoppløsende ved høytrykk, og fører til stabilt vær og opphold.
- Lavtrykk er et område hvor lufttrykket er lavere enn omgivelsene.
- I et lavtrykk har man oppstigende luft som danner skyer, noe som ofte fører til vind og nedbør.
- Lufta strømmer mot klokka rundt et lavtrykk på den nordlige halvkula og motsatt på sørlige halvkula. (Alt om høytrykk og lavtrykk på Metlex..no)
Det lågaste lufttrykket som er målt i Norge er 940 hPa og det høgaste er 1061 hPa.
Nokre gongar omtalar vi lågtrykk som har høgare trykk i senteret enn 1013 hPa. Dette er likevel eit lågtrykk fordi det har lågare trykk enn omgjevnadane.
Vindretningane rundt eit lågtrykk er alltid dei same sjølv om trykket i senteret ikkje er under 1013 hPa. Når vi oppgir plassering av lågtrykk og høgtrykk, er det for å forklare kva vindretning som er venta.
Sjeldan storm om sommaren
Eit lågtrykk på for eksempel 1019 hPa er gjerne enten i startfasen av lågtrykksutviklinga, eller eit gammalt lågtrykk.
Om sommaren er ofte lufttrykket i senteret av eit lågtrykk høgare enn om vinteren.
Dei horisontale trykkskilnadane er som regel mindre om sommaren, og dermed blir ikkje vinden så sterk som om vinteren.
Men ein sjeldan gong blir det storm om sommaren også.
Sommarhelsing frå Merete.
- Barometer: Melder «smukt» og «ustadigt vejr»
Fleire spørsmål til meteorologen:
Les
Spør meteorologen!
- Mindre luftig krem i tordenvær
- Finvêret til høgre eller venstre?
- Hva er et kulelyn?
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Dette kan også skje i Norge
- Skyene fekk regnbogens farger
- Hvorfor vind og torden om sommeren?
- Kvifor mest regn om sommaren?
- Melder «smukt» og «ustadigt vejr»
- Fra varmt til kaldt på ein dag
- Kor våte blir vi når det regnar?
Siste saker frå yr.no
Best vær midt i uka - Mindre luftig krem i tordenvær
- Ett år siden flommen Pakistan
- Grå helg – variert vær neste uke
- En klissvåt sommer
- Sommeren fortsetter – med ruskevær
- Finvêret til høgre eller venstre?
- Mye sol i hele landet
- – Det vakreste værfenomenet
- Hundretusener evakuert etter storm
- Gode sjanser for sol denne uken
- Mange fortsatt evakuert etter flom
- En kliss våt uke på Sørlandet
- Uværet er på vei mot Østlandet
- Sol, sommer og 25 varmegrader
- Hva er et kulelyn?
- Opplever opp mot 50 varmegrader
- Slik har sommeren vært i år
- Finværet finner du fortsatt i nord
- De varmeste dagene var lengst nord

