Ein regnboge utan fargar?
TÅKEBOGE: Biletet er teke ein dag det var knall sol på fjellet men tåke i lufta på Rørosvidda. (Se fleire bilete nederst i artikkelen)
Foto: Hans Kristian HegliDet er yr-brukar Hans Kristian Hegli som har sendt inn de spesielle bileta til yr. Slik forklarar meteorologen fenomenet.
Spør meteorologen
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Hei, og takk for fint bilete. Det ein ser på biletet kallast ein tåkeboge.
Det er meteorolog Haldis Berge som svarar yr-brukaren denne veka.
Kva er tåkeboge?
Ein tåkeboge blir laga på same måte som regnbogen blir laga.
Sollyset treff dråpar og blir reflektert som ein boge. Sidan dråpane i tåka ar mykje mindre enn regndråpar ser tåkebogen annleis ut enn regnbogen.

REGNBOGE: Ein tåkeboge blir laga på same måte som regnbogen blir laga.
Foto: Thomas OppeltSamanliknar med regnbogen
Når sollyset treff regndråpar, som har ein storleik på 0.5 millimeter i diameter eller større, vil lyset spaltast i forskjellige fargar og ein får ein regnboge.
I små tåkedråpar, som har ein typisk storleik på 0.001 mm i diameter, sprer lyset seg på ein meir uklar måte. Det kalles diffraksjon.
Derfor er den kvit
Fargen i tåkebogen blir nesten heilt kvit fordi fargane i det reflekterte lyset overlappar kvarandre.
Ein kan av og til sjå svak raudfarge på yttersida av tåkebogen, og ein svak blåfarge på innsida av tåkebogen.
Vennlig hilsen Haldis Berge
- Har du spørsmål om vêr og vind? Send til yr-meteorologane.

Bilde av tåkebogen tatt frå venstre.
Foto: Hans Kristian Hegli
Bilde av tåkebogen tatt frå høgre.
Foto: Hans Kristian Hegli
Siste saker frå yr.no
-
Slik blir juleværet der du bor
- Ein regnboge utan fargar?
- Knallhelg til fjells!
- Sjekk julebordværet der du bor
- Slik blir juleværet
- Ny uværsuke i Sør-Norge
- Derfor blir det klink is på bakken
- Slik vert helgevêret der du bur
- Slik varmar sola oss
- Ventes kraftig uvær i Sør-Norge
- En uke i regn, sludd og snø
- Vind på bakken og i skylaget
- Slik blir været første desemberhelg
- Varmeste november på 111 år
- Spesielle skyer over Gjøvik
- Jakten på årets værbilde 2011
- Varmeste tiåret som er målt
- «Berit» har satt sine spor
- Klissvåt uke i vest og nord
- Her herjet «Berit» fra seg

