Derfor regnar det mest i vest
REGN: Mens ei vindretning gir knallvêr i nord, kan den same retninga gi drittvêr i sør.
Foto: SANG TAN/APMens det pøsar på Vestlandet, nyt ofte Austlendingane finvêret. Slik forklarar meteorologen det.
Spør meteorologen
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Haldis Berge som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no

VÅT SOMMAR: På Vestlandet er ofte sommaren klissvåt.
Foto: Thomas OppeltBjørn har sendt inn spørsmål til yr-meteorologene og lurar på kvifor det regnar på Vestlandet og ikkje på Østlandet.
Denne uken er det yr-meteorolog Haldis Berge som svarar:
Hei Bjørn, og takk for interessant spørsmål
Noreg ligg i noko som heiter vestavindsbeltet, og dette gjer at mesteparten av lågtrykka kjem frå vest.
Skyene som kjem gir frå seg mesteparten av nedbøren vest for fjella. På lesida av fjella er mykje av fuktigheta forsvunne og skyene kan tørka heilt opp.
Kvifor gir skyene frå seg mesteparten av nedbøren vest for fjella?
Mesteparten av nedbøren i Noreg kjem som frontnedbør. Denne nedbøren dannast i samband med lågtrykka som kjem frå vest i vestavindsbeltet
Varm luft held på fuktighet
I fronten blir den varme fuktige lufta tvungen til vers og avkjølt.
Kald luft klarer ikkje å halda på lika høg fuktighet som varm luft og fuktigheta går over til is eller vatn, og den fell ned som nedbør.

RUSKEVÊR: Vestavind gir ofte bra vêr på Østlandet men regn og dårleg vêr på Vestlandet.
Foto: Pål Bentdal
SJEKK VINDRETNINGA: Eit tips til deg som lurar på korleis vêret blir er å sjekke kort vinden blåser i fra!
Foto: @tone/FlickrNedbør tvunget til å stige
Når desse luftmassane med mykje nedbør møter kysten av Noreg gjer fjella at dei blir tvungne til å stiga endå meir, og ein får ekstra mykje nedbør.
Denne effekten blir kalla orografisk nedbør.
Effekten av orografisk nedbør er størst like innanfor kysten. Luftmassane som strøymar over på lesida av fjellet (på austsida), er mykje tørrare og gir som regel ingen nedbør.
Siste saker frå yr.no
-
Vårlig i sør, vinter i nord
- Derfor regnar det mest i vest
- Råd om vær og vind i fjellet
- Her blir det best helgevær
- Her er det størst skredfare nå
- Se, nå er våren her!
- Her er det snøskredfare
- En uke i snø, sludd og slaps
- Slik oppstår snøskred
- Våren kan bli varmere enn normalt
- Vinterferie i ruskevær og vind
- Våren kan komme tidlig i år
- Romantikk i luften
- Nå får du snøskredvarsler i Norge
- Slapseuke i vest og nord
- Derfor blir det kaldt i klarvær
- Fin og snørik helg i skibakken
- Donau islagt
- Her blir det best helgevær
- Her snakker vi sprengkulde!

