|
Mål 1: Redusere sjukefråveret
Sjukefråveret skal i 2004 vere lågare enn i referanseåret 2003.
Tiltak 1 Høgskolen skal i samarbeid med bedriftshelsetenesta leggje til rette dei fysiske forholda for alle tilsette. Det gjeld og for dei som ikkje er inkludert i bedriftshelsetenesteordninga. Døme: Ergometriske vurderingar av arbeidsplassen og innkjøp av det utstyret som blir tilrådd tatt i bruk.
Tiltak 2 Alle tilsette som har behov for terminalbriller vil få utgiftene dekt av arbeidsgivar.
Tiltak 3 Arbeide nært opp mot Trygdeetatens arbeidslivssenter og gjere nytte av dei tilbod som I/A bedriftene kan få der i frå. Døme: Tilretteleggingstilskot, dekning av transportutgifter
Mål 2: Tilsetje fleire med redusert funksjonsevne
Høgskolen skal gjennomføre dei tiltak som er nødvendig for å rekruttere søkjarar med redusert funksjonsevne under den føresetnad at dei elles er den mest kvalifiserte for stillingen.
Kommentar: Her er det så få aktuelle søkjarar at det er uråd både å kvantifisere mål og å konkretisere tiltak ut frå at handicappa er så ulike.
Mål 3: Heve den reelle pensjonsalderen
Høgskolen skal drive ein aktiv seniorpolitikk for å sikre at arbeidstakarar som ynskjer det kan stå lenger i arbeidslivet.
Tiltak 1 Det skal leggjast fram i løpet av våren 2004 forslag til ein seniorpolitikk for høgskolen. Dei underliggjande prinsippa bør vere dei same for alle tilsette, men for at den skal vere konkret må vi på tiltakssida ha heilt andre tiltak for det vitskapelege personalet enn for det administrative.
Tiltak 2 Ved å nytte oss av ordninga med tilretteleggingstilskot frå trygdeetaten skal vi også prøve å forhindre at nokon blir utstøytt frå arbeidslivet for tidleg.
24.02.04 |