05 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Vellukka fadderskule Utskriftsvennleg versjon

Deltakarane har gjennomført eksamen med glitrande resultat!

Fadderskulen er eit innføringskurs i rettleiing. Målgruppa er erfarne og fast tilsette i omsorgstenesta i kommunane. Deltakarane på kurset skal bli fadrar for personar utan formell fagutdanning. Å utdanne fadrar inneber satsing på kvalitet i omsorgstenesta. Fadrane skal utgjere eit ”korps” av rettleiarar på sin arbeidsplass, og fungere som kontaktpersonar og støttespelarar.

Opptakskravet til kurset er generell studiekompetanse, men søkjarane kan og takast opp på grunnlag av realkompetanse. Dei fleste av deltakarane denne gongen hadde realkompetanse.

Kurset gjev ti studiepoeng, og deltakarane har hatt seks dagssamlingar. Kurset vart avslutta med ein heimeeksamen over ei veke. Eksamensresultata var svært gode.

Eit engasjert og motivert fadderkorps er no klart til innsats!


Sist endra av: Tone Skjerdal, 23. januar 2007 10:43:21
Publisert av: Tone Skjerdal, 18. januar 2007 15:32:54

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane