
Høgskulen set i gang eit nytt studium: Rettleiing i høgre utdanning, 10 studiepoeng. Det er skreddarsydd for fagtilsette i HSF og andre med rettleiings- eller rådgjevingsansvar i høgskulen.
Studiet er sett saman av emna Rettleiing på fagtekstar og Møte med studenten, kvart på fem studiepoeng. Studiet skal knytast til det arbeidet deltakarane er i, og målet er å forbetre eigen praksis. Samtidig skal utdanninga vere ein møteplass for å lære av kvarandre på tvers av fagmiljø. Les meir i studieplanen.
Opptakskrava er treårig høgskule- eller universitetsutdanning og tilsetjing i høgskulen. Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering.
Fagansvarleg for modulen Møte med studenten er Siv Førde og for Rettleiing på fagtekstar Jan Olav Fretland. Marit Solheim er koordinator for studiet.
Studiet byrjar med ei fellessamling for begge modulane 15. oktober på Gordon hotell i Breim. Deltakarane på Rettleiing på fagtekstar held fram med samling 16. oktober.
Dei andre samlingane for Rettleiing på fagtekstar er tysdag 6. november og tysdag 27. november. Møte med studenten har dei neste samlingane 29.-30. januar og 28. februar 2008. Dato for den siste dagssamlinga vert avklart seinare.
Opphaldet på Gordon hotell vert dekka av institusjonsnivået på høgskulen.
For praktiske spørsmål omkring studiet, kontakt HSF Oppdrag v. Tone Skjerdal.
Sist endra av: Tone Skjerdal, 24. september 2007 10:33:15
Publisert av: Tone Skjerdal, 31. juli 2007 08:38:52
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane