
"Leiing av skuleutvikling" er eit studium for skuleleiarar som Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjennomføra på oppdrag for Sogn Regionråd.
Studiet rettar søkjelyset mot dei store utfordringane ein står overfor når det gjeld regional og kommunal omstilling. Entreprenørskapstenking blir ei viktig tilnærming, samtidig som programmet skal styrke skulane sitt arbeid med den nye nasjonale læreplanen som er ein del av det statlege ”Kunnskapsløftet” for skulesektoren. Hovudtema i studiet:
Studiet skal gjennomførast med to kull, kvart på om lag 30 deltakarar som er rekruttert gjennom Sogn regionråd. Første kull byrja 5.-6. september 2007 og har sluttvurdering våren 2009. Andre kull byrjar hausten 2008.
Studiet er bygd opp av åtte todagarssamlingar og arbeid mellom samlingane både på den einskilde skule og i andre grupper. Skuleleiarane i Sogn vil arbeide med lokalbaserte utviklingsprosjekt som også vil involvere lærarane, elevane og foreldra ved skulane. Samlingane vert i dei ulike kommunane i regionen.
Førstelektor Knut Roald er høgskulen sin prosjektansvarlege.
For dei som gjennomfører arbeidskrava og tek eksamen, gjev studiet ei utteljing på 30 studiepoeng. Studiet vil då kunne gå inn som del av ein mastergrad.
Deltakarane er påmeldt gjennom Sogn regionråd .
» Program for første samling
Sist endra av: Tone Skjerdal, 06. september 2007 14:09:55
Publisert av: Tone Skjerdal, 28. juni 2007 13:19:24
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane