01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Leiing for velferd, 30 studiepoeng

Klikk for større bilete

Ynskjer du å ta ei vidareutdanning som hjelper deg til å bli ein god leiar? Leiing for velferd skal utvikle deltakarane sin leiarkompetanse. Dei skal arbeide med moderne teoriar om organisasjon og leiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem i eigen organisasjon.

Innhald

Studiet har følgjande hovudtema:

  • Organisasjonsteori, arbeidspsykologi og velferdsorganisering
  • Organisasjonsutvikling og reformene i offentleg sektor
  • Lærande organisasjonar og internasjonalt perspektiv på velferdsstaten
  • Leiing og endringsleiing

Fagansvarleg er Leif Longvanes. Andre førelesarar er Magne Eikås, Gro Kvaale og Dag Olaf Torjesen. I tillegg kjem eksterne førelesarar.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er personar som ønskjer å ta på seg leiaroppgåver eller vidareutvikla seg som leiar. Studiet er innretta mot tilsette i NAV, kommunar og tilgrensande organisasjonar som arbeider med produksjon av velferdstenester.

Organisering

Studiet startar 5.-7. november 2007 og vert avslutta til påske våren 2009. Det vert seks tredagars samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. I tillegg vil kontakten mellom student og lærar og mellom studentane finne stad via eit IKT-basert læreprogram (Fronter).

Samlingane vert i Sogn og Fjordane (Sandane/Førde/Sogndal) og Hordaland (Voss/Bergen). Les meir om samlingane.

Pensum, arbeidskrav og sluttvurdering

Pensum er på ca. 2000 sider. Det inngår to obligatoriske arbeidskrav i studiet. Ved avslutninga av studiet leverer studentane ei større prosjektoppgåve individuelt eller i grupper inntil tre. Målet er å bruke kunnskapen frå studiet i ein konkret organisasjonsanalyse.

Kompetanse/formell grad

Studentar som fullfører kurset og tek eksamen, får formell kompetanse tilsvarande 30 studiepoeng eller eit halvt års fulltidsstudium innan universitets- og høgskulesystemet. Studentar som fullfører kurset utan å ta avsluttande eksamen, får kursbevis.

Praktiske opplysningar

Søknadsfrist er 28. september 2007. Bruk søknadsskjema i høgre lenkjeboks og send med dokumentasjon. Opptakskravet er generell studiekompetanse. Realkompetanse kan etter særskild vurdering vere grunnlag for opptak av studentar som ikkje har formell studiekompetanse. Høgskulen tek atterhald om nok søkjarar for å setja i gang studiet.

Kurspris inkl. eksamensavgift: Kr 30 000. Forfall 1.12.2007 kr 5 000, 1.4.2008 kr 15 000 og 1.10.2008 kr 10 000. Deltakarane må sjølve dekka pensumlitteratur, kost, losji og liknande. Høgskulen tek sikte på å få gode avtalar om overnatting.

»  Oversikt over studiet, inkludert innhaldet i samlingane
 


Sist endra av: Tone Skjerdal, 30. august 2007 14:33:47
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:54:00

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane