Naturfag til glede og nytte - få inspirasjon til undervisninga (30 studiepoeng) er utarbeidd i samarbeid mellom Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er Kunnskapsløftet sitt krav til auka kompetanse i naturfag.
Studiet er ei målretta satsing over tre år på kompetanseheving i naturfag i grunn- og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Lærarar som ønskjer å ta studiet som vidareutdannnin må vere knytte til skular som skal delta i denne satsinga. Dei får rolla som prosjektleiar ved eigen skule og ansvar for å rettleie kollegaer som deltek i prosjektet som etterutdanning utan å ta eksamen. Det kan vere eitt eller fleire utviklingsprosjekt ved kvar skule.
Undervisninga vil gå føre seg på fellessamlingar med tilbod av ulike fagbaserte verkstader der alle deltakarane skal delta på sjølvvalde verkstader.
Mellom samlingane vert studentane frå dei ulike skulane organisert i regionale studieringar.
Skulane som er med i prosjektet Naturfag til glede og nytte har fått tilsendt søknadsskjema. Søknadsfrist 20. januar.
Neste samling er under Sogn og Fjordane lærarstemne, den 18.-20. april i Sogndal.
Prosjektleiar for etterutdanninga er Ola Bolstad.
Fagleg koordinator for vidareutdanninga (med studiepoeng) er Per Vassbotn.
Administrativ koordinator for vidareutdanninga er HSF Oppdrag v. Tone Skjerdal
» Naturfag til glede og nytte - heimesider
Sist endra av: Tone Skjerdal, 13. februar 2007 13:52:36
Publisert av: Tone Skjerdal, 18. januar 2007 10:51:08
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane