Kripos
Historie
1. februar 2009 fylte Kripos 50 år. I 1959 var det ingen selvfølge at Kripos skulle opprettes som et særorgan. Det er flere grunner til at det likevel ble slik, og i dag har Kripos utviklet seg til å bli et betydelig kompetansesenter for norsk politi.
Allereie på slutten av 1800-talet gjorde samfunnsutviklinga det stadig meir naudsynt å sentralisera visse politi- og lensmannsoppgåver i Noreg. Nokre av dei fyrste oppgåvene var opprettinga av fotoalbum med visse typar kriminelle i 1866 og utgivinga av det landsdekkjande bladet Polititidende i 1886.
Det var private aktørar som stod for fotografering og tekniske og kjemiske analysar i kriminalsaker. Ikkje før i 1931 fekk politiet sitt eige laboratorium. Same året blei Noreg òg medlem av forløparen til Interpol, Den internasjonale kriminalpolitikommisjon, som var blitt oppretta i 1923. Det var fyrst under krigen at dei oppretta ei eiga nasjonal eining, Rikskriminalpolitiets sentralorganer, som forvaltningsmessig sorterte under det dåverande Politidepartementet. I 1945 la dei denne eininga til Oslo politikammer og kalla ho Kriminalpolitisentralen.
Fem år seinare, i 1950, oppretta Justisdepartementet eit utval, Politirolleutvalget, som blant anna skulle gjera framlegg om korleis dei burde organisera dei landsdekkande tenestene til kriminalpolitiet. Utvalet foreslo å oppretta særorganet Kriminalpolitisentralen. Og etter eit samrøystes stortingsvedtak blei særorganet oppretta i 1959, med ansvar for desse tenestene:
- kriminalregisteret med dei sentrale politiregistra og Polititidende (kalla Registeravdelingen)
- identifiseringssentralen (kalla Fingeravtrykksavdelingen)
- kriminallaboratoriet (kalla Laboratorieavdelingen)
Kripos - eit eige særorgan
Det var inga sjølvfølgje å oppretta Kripos som eit eige særorgan i 1959. Likevel var det fleire grunnar til at det blei slik, og Kripos har gjennom åra utvikla seg til å bli eit kompetansesenter for norsk politi med hovudmål å førebyggja og kjempa mot organisert og annan alvorleg kriminalitet.
Kripos fylte 50 år 1. februar 2009. Sjølv om Kripos er ganske ungt, har me ein lang tradisjon med å ta i bruk ny teknologi for å kjempa mot stadig meir avansert kriminalitet. Nokre av tenestene som inngår i dagens Kripos (politiregistra), har historie heilt tilbake til 1886, og politiet byrja å nytta fingeravtrykk for identifisering rundt 1902.
Internasjonalt politisamarbeid
Den tekniske utviklinga har etter kvart òg kravd betre internasjonalt samarbeid, og Noreg blei som nemnt medlem av forløparen til Interpol, Den internasjonale kriminalpolitikommisjon, i 1931. Dei la fyrst det nasjonale kontoret til Oslo politikammer, men overførte det til Kripos i 1960. I dag har Kripos hovudansvaret for internasjonalt politisamarbeid i Noreg og kontakten med samarbeidspartnarane i blant anna Interpol, Europol, Frontex og Schengen-samarbeidet.
Påtalemakt
Kripos var fyrst eit reint bistandsorgan utan mynde til å etterforska eigne saker. I 2005 fekk me ansvaret for å etterforska og føra i retten komplekse og alvorlege saker knytte til organisert kriminalitet. I tillegg hadde stadig krigføring, både i Europa og i andre verdsdelar, og innvandring frå desse konfliktområda gjort det naudsynt å kunna etterforska internasjonale brotsverk. I 2005 fekk Kripos dette ansvaret. Ved etterforsking og påtale av desse sakene er Kripos underlagd Det nasjonale statsadvokatembetet retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet.
Nye metodar og arenaer
Kriminaliteten blir meir og meir grensekryssande, og dei kriminelle tek i bruk stadig nye metodar og teknologiar på stadig nye kriminalitetsområde. Politiet må difor vera til stades på nye arenaer, og i 2008 blei ”politiet sin raude knapp” lansert på Internett. Målet er å gjera Internett til ein tryggare stad for born og unge.
Andre nasjonale oppgåver
Av andre nasjonale oppgåver er Kripos ansvarleg for å forvalta og utvikla ei rekkje sentrale arbeidsregister og informasjonssystem som politiet nyttar. Som nasjonalt spisskompetansesenter driv Kripos mykje med kompetanseoverføring til politidistrikta gjennom kurs, føredrag, besøk og hospitering. Kripos leier òg den nasjonale identifiseringsgruppa som blir mobilisert ved ulukker og katastrofar.
Dei mange oppgåvene gjev oss ei brei kontaktflate med samarbeidspartnarar og andre aktørar i samfunnet, og det er i samvirke med desse at Kripos bidrar til auka tryggleik i samfunnet. Kriminalpolitisentralen hadde 35 tilsette då han blei oppretta, medan Kripos i dag har 470 tilsette.

