Statistikk

DNA-registeret

Eit nytt DNA-lovverk tredde i kraft 1. september 2008. Lovendringa gjev ein kraftig utvida rett til å registrera DNA-profilar til bruk under etterforsking og i strafferettspleia.
DNA-registeret består av eit identitetsregister, eit etterforskingsregister og eit sporregister. Desse registra er innbyrdes søkbare.

I identitetsregisteret er det registrert identifiserte personar som er straffa for ei handling som etter lova kan gje fridomsstraff. 

I etterforskingsregisteret er det registrert identifiserte personar som med skilleg grunn er mistenkte for ei handling som etter lova kan gi fridomsstraff. Registreringa i etterforskingsregisteret er ikkje varig. Profilen blir sletta dersom den registrerte blir frikjend eller saka blir lagd bort og det ikkje finst grunnlag for registrering i andre saker. Får den registrerte ein straffereaksjon som kvalifiserer til registrering, blir profilen overførd til identitetsregisteret. 

I sporregisteret finst DNA-profilar frå personar med ukjend identitet som er sikra frå spor innhenta gjennom etterforsking av straffesaker. For spor sikra på åstader i utlandet gjeld same vilkår for registrering som for spor sikra på åstader i Noreg.

ELYS II

ELYS II, som blei sett i drift 20.11.2008, er det sentrale etterlysingsregisteretsom mellom anna omfattar etterlyste personar, kjøretøy, kjennemerke, båtar og båtmotorar.

ELYS II er samansett av tre etterlysingstenester: ELYS II – nasjonale etterlysingar, Schengen informasjonssystem (SIS) og Interpols Automatic Search Facility (ASF). Tre regelverk regulerer systemet.

Med ELYS II kan politiet og påtalemakta registrera og senda ut etterlysingar knytte til etterforsking og straffeforfølging av lovbrot og formidla informasjon om etterlysingar til utanlandsk politi.

I ELYS II registrerer ein også informasjon om personar og objekt som er melde sakna, eller som er etterlyste av andre grunnar, og ein sikrar notoritet i saker der personar og objekt har vore etterlyste eller melde sakna.

SSP (Det sentrale straffe- og politiopplysningsregisteret)

SSP blei sett i drift i 1982 og er det registeret der politiet og påtalemakta registrerer personopplysningar i samband med førebygging og etterforsking av lovbrot og straffeforfølging av lovbrytarar. Registeret gjev eit oversyn over

  • straffereaksjonar som er gjevne, gjennomføring av straff og andre reaksjonar
  • pågripingar, varetekt og lauslatingar
  • kven som er registrerte med fingeravtrykk, foto og DNA, og signalementet til dei registrerte

 

Statistisk sentralbyrå byggjer statistikken sin (reaksjon/fengsling) på informasjon frå SSP.