Handel med våpen
For å få løyve til å drive handel med våpen, våpendelar og ammunisjon, må du vere fylt 18 år, ha god vandel og ha minst 2 års erfaring frå denne type handel.
Søknad om løyve skal sendast til politimeisteren i distriktet der føretaket ligg. Under handsaming av søknaden vil både politi og brannvesen kunne komme på synfaring på forretningsstaden for å kontrollere at våpen og ammunisjon vil bli oppbevart i samsvar med forskriftene.