Tjenester

Ta med våpen til andre EØS-land

Har du registreringspliktige skytevåpen og ønskjer å ta dei med til andre EØS-land, kan det vere fornuftig å føre våpna inn i eit våpenpass slik at du slepp å fylle ut eigne skjema ved grensepasseringane. Kontakt også ambassaden i landet du skal til, eller konsulat, når det gjeld reglar om grensepassering.

Hugs at du også må ha med våpenkort for dei våpna du tek med deg. Når du søkjer ditt lokale politidistrikt om våpenpass må du leggje ved eit passfoto. Førebels er det gebyrfritt å søkje om våpenpass.

Våpenpasset gjeld i fem år. 

Inn- og utførsel av våpen til og frå Norge med våpenpass kan skje utan løyve frå politiet når opphaldet er på inntil tre månader. Utlending med gyldig våpenpass må ved innførsel til Norge også dokumentere bakgrunnen for reisa, for eksempel invitasjon til stemne eller dokumentasjon på at vedkommande har tilgang til jaktterreng.

Ta med våpen til land utanfor EØS

Dersom du skal til land som ikkje er omfatta av reglane for europeisk våpenpass, må du fylle ut skjemaet ”Erklæring om midlertidig utførsel” og levere det hos tollvesen eller politi på grensa når du dreg ut av landet. Erklæringa gjeld inntil eitt år. Tilsvarande skjema skal fyllast ut i det landet du kjem til.

Når du skal heim att må du føre våpenet ut av det landet du har vore i, og inn i Norge att.

Jakt eller konkurranse når du er busett i utlandet og ikkje har våpenpass

Er du utlending eller nordmann busett i utlandet, og skal jakte eller skyte konkurranse i Norge, må du fylle ut fråsegn om mellombels innførsel av jakt- eller konkurransevåpen.

Fråsegna skal leverast til Tollvesenet og gjeld for 3 månader. Du må også leggje ved invitasjon til konkurransen, i tillegg til dokumentasjon på at du har tilgang til jaktterreng. Undersøk hos lokale styresmakter om det landet du er busett i krev at du må ha løyve til å føre våpna ut av landet.

Ta med våpen ut av Noreg

Dersom du flyttar til utlandet og ynskjer å ta med deg registreringspliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må du søkje om løyve til dette. Dette er berre eit løyve til å ta våpen med ut frå Norge, og det kan tenkast at det landet du skal til krev løyve til å ta med våpenet inn. Dette skjemaet kan også brukast dersom du sel skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til ein person i utlandet.

Kontaktinformasjon

Gå til lokalinformasjon