Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



Studentar og alumnar fortel om korleis det var å vere student ved Høgskulen i Volda


 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider


Gå til Utdanning.no

For søkjarar / Studietilbod / Mastergrader /

Mastergrader ved Høgskulen i Volda

Mastergrad i kulturmøte
Målet er å gi kandidatane teoretisk og realhistorisk innsikt som kan vere til nytte i våre dagars globaliserte samfunn.Kulturmøte vil gi studentane ein kompetanse innan eit breitt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, i forskings- og utgreiings-arbeid, i skuleverket, i arbeid innan media og informasjon, i offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren elles.
  
Les meir om Mastergrad i kulturmøte
  - Skal gje perspektiv

Mastergrad i nynorsk skriftkultur
Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eineståande i Noreg. I studieprogrammet vert det lagt vekt på skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksemplet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. Studiet gir brei kulturkompetanse og kvalifiserer for arbeid i undervisningssektoren, fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar.
 
Les meir om Mastergrad i nynorsk skriftkultur
 - Meir og ny kunnskap om nynorsk

Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing
Studieprogrammet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige prosessar. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, andre med bakgrunn frå offentleg forvaltning, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar og andre med økonomisk-administrativ og/eller samfunnsfagleg bakgrunn.
 
Les meir om Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing
 - Anbefaler mastergraden
 - Åpner for mange muligheter
 - Trengde fagleg påfyll

Mastergrad i helse- og sosialfag  –  meistring og myndiggjering
Mastergraden siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarane sin kompetanse i relasjonsarbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper. Eit siktemål er å utvikle strategiar for kommunikasjon og informasjonsarbeid som kan leggje grunnlaget for læring, meistring og myndiggjering (empowerment). Studiet siktar også mot å utvikle kompetanse til å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.
 
Les meir om Master i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
 - Svært gledeleg

Mastergrad i spesialpedagogikk
Mastergraden i spesialpedagogikk er yrkesretta, og skal gi studentane ein brei praktisk og teoretisk kunnskap om og kjennskap til verksemda i barnehage og skule. Masterstudiet byggjer på innhaldet og arbeidsmåtane i dei obligatoriske emna i dei ulike lærarutdanningane. Studiet gir innsikt i sentrale kunnskapsområde særleg i spenningsfeltet mellom generell pedagogikk og spesialpedagogikk. Studiet førebur studentane for å utvikle og arbeide i ein inkluderande barnehage og skule. Ei særleg oppgåve er å ta vare på interessene til barn og unge med spesielle behov for hjelp og støtte.
 Les meir om Mastergrad i spesialpedagogikk
 - Kan kombinerast med jobb
 Bakgrunnen for satsinga på spesialpedagogikk


 

60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann.
[ Les meir ] - 04.11.2007

Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presentere spanande vekstader og fagleg påfyll.
[ Les meir ] - 01.11.2007

Valla tek del på ytringsfridomsseminar i Volda
Torsdag og fredag denne veka kjem mellom anna Gerd Liv Valla, sjefredaktør Anne Aasheim og Håvard Melnes til Høgskulen i Volda for å ta del i seminaret ”Ytringsfridom som alibi?” Politisk journalist i Klassekampen Alf Skjeseth vil ta føre seg ”Valla-saka” spesielt.
[ Les meir ] - 31.10.2007



40 år sidan den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia 30.10.2007
Hoppid til Volda: Gründer i magen? 30.10.2007
FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset 30.10.2007
Symfonien er 60 år og rektor inviterer til lunsjkonsert 30.10.2007
Planlegg kulturutveksling med universitet i Tyrkia 25.10.2007
Media, IKT og designstudentar viser web-TV live no 25.10.2007
Nytt dokfilmstyre i sving 24.10.2007
Hungarian night on Rokken 24.10.2007
Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007! 18.10.2007
Realfagsatsing: Etter- og vidareutdanning av naturfaglærarar 17.10.2007
Arbeidslivet vil ha Erasmus-studentar 16.10.2007
Denne veka er det karrieredagar i Møre og Romsdal 14.10.2007
Historisk institutt på ekskursjon til Edinburgh 14.10.2007
Mediterranean night at Rokken on Friday 11.10.2007
Destinasjon Utanland 07.10.2007
Volda-studentar på ekskursjon til gründerkommunen Herøy 05.10.2007
Czech night at Rokken today 05.10.2007





Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for søkjarar

 Oppslagstavle
Forskingsfredag 9. november
05.11.2007

Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007

Oppdatert av Per Arne Brandal 30.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning