Førsteamanuensis Johs. Hjellbrekke kom nyleg tilbake til Bergen etter eit undervisningsopphald ved University of California, Berkeley.
- Du vart nyleg invitert til å halde eit doktorgradskurs ved UC Berkeley. Kva er bakgrunnen for invitasjonen?
- Dels det at eg har arbeidd mykje med ein statistisk analyseteknikk som har vore lite nytta i amerikanske sosiologimiljø, men som studentane på Berkeley fleire gonger har bede om at det vert halde kurs i. Og dels det at instituttleiaren der borte, Trond Petersen, er norsk og kjente til meg frå før. Når dei ikkje kunne ty til eigne lærekrefter, hadde nok det ein del å seie for at det var eg som vart spurt.
- Doktorgradskurset var eit kurs i korrespondanseanalyse. Kva slags metode er dette?
- Dette er ein statistisk analyseteknikk som gjer det mogleg å avdekkje latente eller underliggjande strukturar i kategoriske datamengder, og som gjev eit grafisk eller geometrisk uttrykk for dei samanhengane ein kan finne i datamaterialet. Teknikken vart utvikla i Frankrike på 1960-talet. Innan samfunnsvitskapane er metoden særleg vorten kjend gjennom arbeida til den franske sosiologen Pierre Bourdieu.
- Sosiologisk institutt og Universitetet i Bergen har ein samarbeidsavtale med sosiologiinstituttet ved Berkeley. Kva slags moglegheiter ligg i denne avtalen?
- Våre studentar får høve til å studere ved eitt av dei aller beste universiteta i USA. Det er eit privilegium som langt, langt fleire bør gjere bruk av. Det norske senteret der borte er elles uhyre verdfullt med tanke på forskarutveksling og for kontakten med amerikanske fagmiljø slik også det norske senteret ved École des Hautes Études en Sciences Sociales i Paris er det. Sjølv har eg hatt stort utbyte av begge desse sentra, som begge bør sikrast vidare drift.
- Kva slags tradisjonar har amerikanarane for å fange opp og importere trendar og nyvinningar innanfor den europeiske samfunnsvitskapen?
- Dette varierer nok ein del i høve til fagområder, fagmiljø og tidsepokar. Den klassiske europeiske sosiologien vart t.d. importert til USA i mellomkrigstida, og deretter re-eksportert til europeiske miljø etter 2. verdskrigen, då sosiologi m.a. vart etablert som universitetsdisiplin også i Noreg. Europeiske retningar i sosialfilosofi og sosialteori, t.d. kritisk teori, fann også tidleg vegen til USA, dels fordi européarar i eksil arbeidde ved amerikanske universitet. Gjennomslagskrafta til empirisk, europeisk samfunnsvitskap har nok vore meir avgrensa. Der har nok påverknaden den andre vegen vore langt, langt sterkare - ikkje minst i Noreg.
- Kva er ditt inntrykk av nivået på doktorgradsstudentane og doktorgradsutdanninga ved Berkeley i høve til ved Universitetet i Bergen?
- For det første merkar ein at studentane der borte med stor visse vore gjennom ein langt hardare seleksjon, og på alle nivå, enn det som er tilfelle for norske studentar. I tillegg finn ein fleire av dei leiande sosiologane, både i USA og internasjonalt, i staben på Berkeley. I den siste fagfellevurderinga vart dette instituttet t.d. rangert som nr. 2 blant alle dei amerikanske sosiologiinstitutta. Det kan ingen av dei norske fagmiljøa konkurrere mot. Som venta kan vere vert då òg gjennomsnittsnivået høgare. Men det betyr altså ikkje at tilstanden ved UiB er dårleg! Tvert imot - gode studentar og gode fagfolk er gode over alt.