|
Forskarutdanning ved UiT
Ein doktorgrad er den høgste vitskaplege graden som vert tildelt ved norske lærestader. Ved Universitetet i Tromsø - som ved dei andre norske universiteta - kan ein enten følgja eit organisert doktorgradsprogram som fører fram til graden ph.d., eller ein kan arbeida utanfor eit organisert program med sikte på graden dr.philos. Begge gradane skal kvalifisera for forskingsverksemd på høgt fagleg nivå og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt høge krav til vitskapleg innsikt.
Peikarar til universitetet sitt system for kvalitetssikring av utdanninga ligg her
Philosophiae doctor (ph.d) - søknad om opptakGraden ph.d., som alle fakulteta og Noregs fiskerihøgskole (NFH) tilbyr, er ei organisert forskarutdanning på 180 studiepoeng (sp). Det er sett saman av ein opplæringdel på 30 studiepoeng og eit forskningsarbeid/prosjekt (avhandling) på 150 studiepoeng.
For å bli tatt opp på eit doktorgradsprogram må søkjar enten ha ein integrert mastergrad på 300 sp, ein mastergrad på 120 sp som byggjer på ein bachelorgrad på 180 sp, eller tilsvarende utdanning som fakultetet/NFH har godkjent som grunnlag for opptak til det aktuelle programmet. I ph.d.-forskrifta og i doktorgradsprogramma ved fakulteta/NFH står nærare opplysningar om opptakskrav m.v. Sjå også nedanfor om krav til finansiering.
Søknad om opptak til eit ph.d.-program skal sendast til den avdelinga (fakultet/NFH) som tilbyr programmet. Her finn du søknadsskjema
på bokmål på nynorsk in English
Mal for doktorgradsavtale ligg her:
Bokmål: Innleiing, del A, del B, del C
Nynorsk: Innleiing, del A, del B, del C
Engelsk: Innleiing, del A, del B, del C
FinansieringI søknad om opptak skal søkar m.a. presentera ein finansieringsplan for studiet.
Dette er dei mest vanlege finansieringskjeldene:
(1) Stipendiatstilling ved UiT. Alle ledige stipend vert lyst ut på "Tavla".
(2) Stipend frå eksterne bidragsytarar, t.d. frå Noregs forskingsråd eller EU.
Dr. philos. (doctor philosophiae) Det er høve til å ta graden dr.philos. ved alle avdelingane. I følgje forskrift for graden dr.philos skal avhandlinga vera eit sjølvstendig, vitskapleg arbeid på høgt fagleg nivå når det gjeld problemformuleringar, begrepsmessig presisering og metodisk, teoretisk og empirisk grunnlag, dokumentasjon og framstillingsform. Avhandlinga skal vera med på å utvikla ny fagleg kunnskap og liggja på eit fagleg nivå som tilseier at den vil kunne publiserast som vitskapleg litteratur i faget.
|