|
Studieplan - Bachelorprogram i historie
Dette er et detaljert program for bachelorstudiet i historie, vil du orientere deg mer generelt om studiet og programmet se vår kortere beskrivelse!
Graden
Bachelorprogrammet i historie fører fram til graden Bachelor i kultur- og samfunnsfag. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Programansvarlig
Institutt for historie – Det samfunnsvitskapelige fakultet, Universitetet i Tromsø.
Undervisningsspråk
Norsk.
Søknadsfrist: 15. April
Det må søkes gjennom samordna opptak .
Omtale av studiet
Programmet i historie gir ei brei kronologisk innføring i historie frå antikken til i dag, med vekt på norsk, europeisk og afrikansk historie. Det inkluderer også fordjuping i valfrie emne og kritisk drøfting av historiefagets teori og historiografi.
Kompetansemål
Ein bachelor i historie kvalifiserer for masterstudium i historie og ulike typar tverrfaglege masterstudium der historie inngår. Det er eit allmenndannande studium som kvalifiserer for jobbfunksjonar som set krav til refleksjonsdjupne, evne til å orientere seg kritisk i ei stor informasjonsmengd og som inneber skriftleg bearbeiding av kompliserte årsaks- og verknadssamanhengar. Alt etter korleis ein komponerer programmet, vil ein bachelor i historie kvalifisere for t.d. medie- og kulturarbeid, museum, arkiv, forlag, utgreiingsarbeid og undervisning.
Faglig organisering
Bachelorstudiet i historie skal minimum ha historieemne tilsvarande 90 studiepoeng. I tillegg kjem 20 studiepoeng ex.phil og ex.fac som også er obligatoriske.
Av dei 90 studiepoenga i historie er det ei obligatorisk del på 40 studiepoeng (HIS 1001, 1002 , 1003 og 2001). Dei resterande 50 poenga velgast blant valemna som institutt for historie tilbyr. 20 studiepoeng av dei valfrie historieemna skal være på 2000 nivå. Programmet legg opp til eit normallaup på 100 studiepoeng i historieemnar.
I første semester skal studentane ta ex. phil. og ex. fac (til saman 20 studiepoeng). Dette semesteret får studentane også ei første innføring i historiestudiet, i form av eit introduksjonskurs på 10 studiepoeng (HIS 1000). I det andre semesteret får studentane eit breitt oversyn over norsk, europeisk og verdshistorie frå antikken til i dag. Undervisninga blir delt på tre emne – HIS 1001, 1002 og 1003 – som går parallelt og som dekker tre ulike periodar (frå antikken til 1500, 1500 til 1850, 1850-2000). Vi tilrår at studentane går vidare med historie i tredje semester ved eit utanlandsk universitet som Institutt for historie har utvekslingsavtale med – med fordjuping i ulike tema eller periodar. Alternativt kan dette erstattast med minimum to valfrie emne på HIS 1000-nivå som gir fordjuping i ulike tema og kronologiske periodar. Fjerde og femte semester kan brukast på støtteemne frå andre fag enn historie. Sjette og siste semester blir bachelorstudiet avslutta med påbyggingsemne i historie (HIS 2000-kurs), med eit teori/metodekurs med vekt på kjeldekunnskap, og dessutan to 10-poengs-emne på HIS 2000-nivå.
Dersom ein tenkjer i retning av ei forskarutdanning og reknar med å gå vidare på masternivå, kan det vera aktuelt å trekka inn støtteemne og valfrie emne i historie som byggjer opp under den spesialinteressa ein har.
Studentar som ønskjar å jobbe i skoleverket anbefalast å legge inn eit anna undervisningsfag med 60 studiepoengs omfang som støtteemne (emnegruppe). Studiet gir da undervisningskompetanse i to fag. Etter bachelor/masterstudium må praktisk pedagogisk utdanning gjennomførast.
Alle emne skal som hovudregel gå gjennom heile semesteret. DVS. at det studerast fleire emne parallelt.
Utanlandsopphald
Det blir lagt opp til at studentane skal ta 30 studiepoeng i utlandet. Institutt for historie har førehandsgodkjente kurs gjennom sitt Nordplus-nettverk der universiteta i København, Århus, Lund, Uppsala og Åbo Akademi inngår. I tillegg finst det ei rekke andre utvekslingsavtaler både med institusjonar i Europa og resten av verda. For dei som ikkje reiser ut kan utlandsopphaldet erstattast med 30 studiepoeng ved Institutt for historie i Tromsø.
Undervisnings- og eksamensformer
Undervisninga for dei emna i historie vil gå gjennom heile semesteret og dels bli gitt i form av forelesingar og dels i seminarform. Arbeidet med essays vil normalt bli knytt opp mot eigne seminar. Hovudtyngda av eksamensarbeidet er knytt til skriving av essays, også i form av mappevurdering. I dei fleste emna vil det også vera ein avsluttande munnleg eksaminasjon, og i nokre også ein skriftleg skuleeksamen.
Emne frå andre fag (støtteemne) vil ha ein variasjon i undervisnings- og eksamensformer – som forelesingar, seminar, kollokvium og essay, mappevurdering og skuleeksamenar.
Kontinueringseksamen vil bli særskilt omhandla i de enkelte kursplanar.
Det nyttast ein karakterskala på 5 trinn frå A-E for bestått eksamen og F for ikkje bestått eller bestått/ikkje bestått.
Progresjon i studiet (rettleiande)
|