29. november 2006 - Nr. 33 - årgang 60!  |  Norges største studentavis |  Til innhold |  Om Universitas |  Tips/Kontakt |  Søk etter Universitas i andre medier

printervennlig versjon 25.01.2006

Vi som tek det meste for gitt

Ting norske studentar tek for gitt, er andre delar av verda milevis frå å kunne ha, skriv kronikkforfattaren.

PENGER: -- Takk for tiarane, skriv SAIH-leiar Kathrine Sund. trykk for å forstørre

PENGER: -- Takk for tiarane, skriv SAIH-leiar Kathrine Sund.
FOTO: Christine Erlbeck

FOTO: SAIH trykk for å forstørre

FOTO: SAIH

SAIH støtter dei som jobbar for å oppnå det vi som norske studentar tek for gitt

Kathrine Sund, leiar SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond)

Når vi begynner på universitet eller høgskule i Noreg har vi visse forventningar til studietida, som gratis studieplass og studentrettar. Dette er forventningar som studentar i andre delar av verda er milevis frå å kunne ha.

Utdanning er eit viktig middel til politisk, sosial, økonomisk og kulturell utvikling i alle land. Ei god høgare utdanning, godt forankra i lokal og nasjonal kontekst, gir folk reiskap for kritisk og sjølvstendig tenking, samtidig som fagleg kompetanse er nødvendig i utviklinga av eit samfunn.

Medan det i Noreg er stor semje om at ei god høgare utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosial bakgrunn, blir det i til dømes Zambia meir og meir vanleg at ein student har opptil fleire såkalla «sugar daddies/mommies». Desse dekkjer utgiftene til studenten, i bytte mot andre «tenestar». Ein biverknad av dette er ei auke i andelen studentar som har hiv/aids, i eit land der denne epidemien tek livet av mange tusen kvart år. Som norsk student kan det vere vanskeleg å forstå at nokon vil gjere noko så drastisk for å kunne studere. I Zambia lever derimot 86 prosent av befolkninga under fattigdomsgrensa, og mulegheitene for å få seg ein jobb og kunne forsørgje ein familie er små.

Som student i Noreg forventar vi at undervisninga skal ta omsyn til og respektere både den norske kulturen og dei ulikheitene som fins i befolkninga. Som sunnmøring forventar eg til dømes at verken pensum eller førelesningar skal inkludere nedsetjande eller stigmatiserande kommentarar om min bakgrunn. I Nicaragua har studentar frå Atlanterhavskysten opplevd å bli diskriminerte på grunn av språk og kultur. Tidlegare studentar tok tak i dette problemet i 1995, då dei starta det første universitetet i regionen. URACCAN-universitetet møter i dag dei same krava som andre universitet i Nicaragua, samtidig som undervisninga går føre seg på fleire språk, og kombinerer vestleg og såkalla «tradisjonell» kunnskap.

Vi forventar også at vi skal ha mulegheit til å ta del i styringa av universitetet. Du stemte kanskje ikkje ved siste val til studentparlamentet, eller ved rektorvalet. Men hadde du mista mulegheita til å stemme, ville du forhåpentlegvis ha protestert. I Zimbabwe er det president Mugabe som utnemner rektorar ved samtlege offentlege universitet. Studentar som protesterer mot dette, eller velgjer å organisere seg for å kunne påverke sin egen studiekvardag, vert kasta ut frå universiteta. Mange har også blitt kasta i fengsel og torturert. Under slike forhold er det utruleg å sjå at dei zimbabwiske studentane aldri gir opp. Sjølv om dei risikerer livet.

SAIH støtter dei som jobbar for å oppnå det vi som norske studentar tek for gitt, og vil ha eit spesielt fokus på dette i informasjonsarbeidet vårt i år. I bistandsarbeidet jobbar vi med dette kontinuerleg. Vi støtter mellom anna URACCAN-universitetet i Nicaragua, lærarutdanning med urfolksperspektiv i Bolivia, og hiv/aids-arbeid blant studentar i Zambia og Zimbabwe. Eit anna viktig tiltak er støtte til og beskyttelse av studentar i Zimbabwe som har blitt utvist frå sine lærestadar på grunn av sin kamp for student- og menneskerettar, mellom anna ved å gi desse mulegheit til å studere over internett ved andre universitet i regionen. Dette kan vi gjere takka vere dei 120.000 studentane som kvart semester støtter arbeidet vårt. Takk for tiarane!

Siste kronikk

    29.11.200622.11.200615.11.200608.11.200601.11.200625.10.200617.10.200611.10.200604.10.200626.09.200619.09.200612.09.200606.09.200629.08.200623.08.200616.08.200630.05.200623.05.200610.05.200602.05.200625.04.200604.04.200629.03.200622.03.200614.03.200608.03.200601.03.200622.02.200615.02.200608.02.200601.02.200625.01.200618.01.200607.12.200530.11.200523.11.200516.11.200509.11.200502.11.200526.10.200519.10.200512.10.200505.10.200528.09.200521.09.2005

    Alle kronikk saker