 |
|
|
|
| |
-
-
-
-
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
| |
| |
|
Bioteknologinemnda
Rosenkrantz' gate 11
Postboks 522, Sentrum
0105 OSLO
Tlf. 24 15 60 20
Faks. 24 15 60 29
bion[at]bion.no
|
|
|
|
|
|
Bygg DNA-molekyl
Nivå: Ungdomsskule/Vidaregåande skule
Du kan byggje DNA-molekyl i papir:
Last ned mal frå NCBE
Skriv ut side to på fargeskrivar og klipp og lim.
Du kan og byggje DNA med seigmenn.
Til dette treng du seigmenn og cocktailpinnar.
Oppskrift for dette finn du på nysgjerrigper.no
|
|
Sjå DNA-trådar som er tvinna saman
- Isolering av DNA frå løk
Nivå: Ungdomsskule/Vidaregåande skule
Denne øvinga gjer det mogleg å sjå DNA-trådar med blotte auger,
og dette med hjelp av utstyr ein stort sett kan finne i kjøkkenbehaldninga.
Ein kan også isolere DNA frå ulike frukter, ikkje berre løk, med
hjelp av same prinsippet.
Skolelaboratoriet i Biologi ved Universitetet i Oslo har laga ei
rettleiing til denne øvinga på sine nettsider:
Isolering
av DNA frå løk
|
|
|
|
Lag smykke med eige DNA
- Genes in a Bottle
Nivå: Vidaregåande skule
Med same prinsipp som i øvinga ovanfor isolerer ein og her DNA,
men denne øvinga er lagt opp slik at ein isolerer DNA frå celler
teke frå sin eigen munn.
Ein øvingspakke som kan kjøpast frå Bio-Rad gjer det mogleg å lagre
eleven sitt eige DNA i ein forsegla kapsel. Kapselen er forma slik
at den kan brukast som kledeleg smykke.
Meir info:
Genes
in a bottle
NB: Det er viktig å lese nøye kva pakken inneheld av utstyr
før ein eventuelt bestiller! Har skulen ekstrautstyret som øvinga
krev? Må skulen kjøpe inn meir utstyr for å kunne gjennomføreøvinga?
|
Naturens sjansespel
- Nature's Dice
Nivå: Vidaregåande skule
Ei elektroforeseøving frå NCBE, som blant anna Skolelaboratoriet
i Biologi, UiO, brukar på lærarkursa dei arrangerer saman med Bioteknologinemnda.
Denne øvinga går ut på at du skal undersøkje nedarvinga av eit
bestemt gen i ei bestemt slekt. DNA-prøver frå slekta og alt anna
ein treng følgjer med i denne pakken som ein kan kjøpe frå
NCBE.
Meir info:
Nature's
dice
Rettleiing for øvinga – PDF-format eller norsk rettleiing utarbeida av Skolelaboratoriet i biologi, UiO
NB: Det er viktig å lese nøye kva pakken inneheld av utstyr før ein
eventuelt bestiller! Har skulen ekstrautstyret som øvinga krev?
Må skulen kjøpe inn meir utstyr for å kunne gjennomføreøvinga?
|
|
|
|
Etterforsk ei kriminell handling der det er lagt igjen biologiske
spor
- Crime Scene Investigator PCR Basic Kit
Nivå: Vidaregåande skule
I denne pakken får du DNA frå ein åstad, og DNA frå mistenkt A,
B, C og D. Ut frå dette skal ein finne den skuldige. Denne øvinga
opnar sjølvsagt for mange kreative forhistorier, og kan og opna
for diskusjon rundt eit sentralt DNA-register i Noreg.
I øvinga bruker ein PCR-metoden og elektroforese for å kome fram
til ein "match" som altså er den skuldige. Elektroforeseutstyret
er ikkje inkludert i denne pakken, men kan kjøpast separat.
Meir info:
Crime
Scene Investigator PCR Basic Kit
NB: Det er viktig å lese nøye kva pakken inneheld av utstyr før
ein eventuelt bestiller! Har skulen ekstrautstyret som øvinga krev?
Må skulen kjøpe inn meir utstyr for å kunne gjennomføreøvinga?
|
|
Modellforsøk - rekombinant DNA
Klipping av DNA med restriksjonsenzymer er en sentral teknikk i
genteknologi. Også sammensetting av ulike DNA-biter med ligase
er et nyttig verktøy for genteknologer. Her skal dere tørrtrene
på kutting og liming av DNA ved hjelp av papir.
Modellforsøk - rekombinant
DNA
|
|
|
|
 |
| Temaer |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| - |
| |
| |
| - |
| |
| |
|
|
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
| |
|
| |
|