|
Ei innvending mot bruk av nye vurderingsformer og mindre bruk av slutteksamen har vore at ein gjer det enklare å fuske. Dette er ei innvending og ein konsekvens ein kan møte på fleire måtar i oppbygging og gjennomføring av eit studium.
Nye læringsformer med tettare studentkontakt og vurdering undervegs gjer at ein har oversikt over prosessen studenten går gjennom og slik kan følgje med på utviklinga i studenten sitt arbeid. Dermed har ein kontroll med om studenten levere eige arbeid.
Studenten pliktar til alle innleveringar å levere ei eigenerklæring om at arbeidet som er levert er studenten sitt eige arbeid, med kildetilvisingar. Meir om dette her.
Konsekvensane ved fusk er alvorlege. Dersom ein student vert teken for fusk risikerer han utestenging frå all høgare utdanning i Noreg i eit år. Dette får også økonomiske konsekvensar overfor Lånekassen.
|