Studvest
er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 6. mars 2002, nr. 7 - 57. årgang
Tilsette på studietur, studentar utan lesesal
Medan hovudfagsstudentane ved Institutt for
kulturstudier og kunsthistorie sto utan lesesalsplassar, prioriterte
historisk-filosofisk fakultet å sende dei tilsette på studietur
til England. No føler studentane seg prioritert vekk, etter
at det har tatt månadsvis å skaffe nye lesesalsplassar, til
erstatning for dei som er sperra grunna soppskandalen på Sydnesplass.
Fakultetssekretariatet har ikkje gjort ein tilfredsstillande
jobb, meiner Lennart Fjell, som er leiar i fagutvalet ved
kulturvitskap, eit av dei tre faga som er råka.
les
meir nyhende
Dugnadsånd
Foto: Trine Flåte
Både artistar, organisatorar og mannskap stilte
gratis då det vart tromma saman til musikkfestival på USF
i helga. Vi drog ut dit for å finne spor av det så lenge
etterlyste engasjementet til studentane. Vi fann ein god
del.
midten
Fekk jobb på karrieredag Eyvind Berg (biletet) blei tilbudt jobb på Haukeland
sjukehus under Karrieredagen. Dagen blei ein suksess
for dei som møtte fram, og både bedrifter og studentar
var nøgde.
les
meir nyhende
Revyvyer Så er endå ein klasse uteksaminert frå Revylinja
på Noregs Handelshøgskule. Studvest var der og snakka
med statsrådar og studentar om kva dei syntes om revyen.
les
meir kultur
Feberen over? Feber vart vedteke nedlagt då representantskapet
hadde møte sist onsdag. Grunnen er manglande rekruttering
til styre og drift. Men det må endå eit vedtak til før
det heile er over. No håpar ordføraren i representantskapet,
Erik Sandquist, på ein oppstand frå sottesenga.