Platekompaniet har bedt kundane sine stemme på det dei
meiner er dei 100 beste platene gjennom tidene. Eg veit
ikkje kor mange som har stemt, men la oss gjere eit tankeeksperiment:
La oss seie at avstemminga er nokonlunde representativ for
kva det platekjøpande publikum i dei største byane i Noreg
faktisk meiner om saka. Då hadde eg tenkt fylgjande: «At
OK Computer og Nevermind ville kome på dei to første plassane,
var sjølvsagt openbart frå starten av. To av dei mest overvurderte
rockeplatene i historia, men gode plater likevel (mange
forstår ikkje den distinksjonen. «Overvurdert» treng ikkje
bety «dårleg». Tenk over det i nokre sekund. Så tenker du
på The Strokes). At Beatles får med halve katalogen sin,
er heller ikkje overraskande, og at U2 og Pink Floyd gjer
det bra, er berre slik det skal vere. Men kva med Tom Waits?
Ikkje at eg har sansen for absolutt alt han har gjort, men
han er jo ein artist med eit stort og trufast publikum her
til lands. Det same gjeld Nick Cave, som heller ikkje er
med på lista. Og apropos her til lands: Kva går gjennom
hovudet til folk når dei bestemmer seg for at Ompa til du
dør og begge dei to siste Morten Abel-platene er mellom
dei 100 beste platene gjennom alle tider?!?!? Har dei ikkje
forstått konseptet «best»? Har dei forveksla ideen om «best»
med «mest populær i Noreg siste 12 månader»? Skulle den
talentlause posøren Morten Abel ha laga like mange av dei
100 beste platene gjennom alle tider som R.E.M., Bruce Springsteen
eller Neil Young? Ompa til du dør er ei brukandes plate,
for all del, men ho hadde vore betre om ikkje Tom Waits
hadde laga ho først. Og så prøvar eg å sjå for meg folk
som ettertenksomt seier til seg sjølv: «Hmmm... Jau, Madrugadas
Industrial Silence er nok ei av dei 50 beste platene gjennom
alle tider». Hallooo!?! Er det nokon der?!? Men for all
del, lista er ikkje så bort i staur og veggar. Eg er umiddelbart
samd i kanskje 20 av titlane, og eg kan gjerne vere med
på å diskutere minst 30 til. Det er høge tal for min del.
Nokre openbare manglar er her sjølvsagt. I farta saknar
eg plater som New York og Dusk, og sjølvsagt alle Leonard
Cohen-platene som ikkje er her (okei, viss du ikkje vil
ha med Death of a Ladies Man på lista er det greit - men
det er ei jævlig god plate. Men okei, ikkje ei av dei 100
beste). Alvorleg talt - kva har Morten Abel, Kaizers og
Madrugada på ei slik liste å gjere? Og kvar er dei beste
platene til Yo La Tengo, Tricky, Townes Van Zandt, XTC,
Lambchop, Beck, Elvis Costello, Gram Parsons og Magnetic
Fields?». Dette hadde eg tenkt. Dersom lista hadde vore
representativ for kva det platekjøpande publikum i dei største
norske byane meiner om saka.
20.03.02