Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 20. mars 2002, nr. 9 - 57. årgang

Blårussens blåmandag

Skodda heng lavt, grå snø ligg rundt hushjørna og den store festen er over. Det er «Mandag morra blues» på Handelshøgskulen.

Ifølge dei som kom på skulen klokka nullnihundre på mandag, romsterte det framleis feststemte folk rundt i aulaen og tilliggande fellesareal. Men ei stund seinare var det stilt. No ut på ettermiddagen har ein passeleg motivert ryddegjeng funne vegen til aulaen. Golvet er fullt av lydutstyr, oppblåste kondomar, kostyme og fragment av scena. Den same scena som for inntil nokre timar sidan var den beste scena som White Stripes nokon gong hadde spelt på.

Jan i ryddegjengen innrømmer at han vakna klokka ni under miksepulten. I går feira dei den store avslutningsfesten, der alle var ein einaste stor familie. Og revygjengen gjorde si aller, aller beste framsyning, med ekstra bonusnummer. På festen etterpå var all sorg og usemje glømt.

 
LANG UKE. Sliten no... Atle Hauge har spilt seg ferdig.

Atle Hauge som spelte i revyen slenger innom.
– Eg er veldig, veldig sliten, seier han, og heng litt med nebbet.
Dei har framført Egoland 19 gongar, og det byrjar å merkast. Men han synest det er vemodig at det er over. Så vert han litt fjern i blikket.
– Men korleis går det med studiane då, seier vi, og prøvar å muntre han opp litt.
– Dei har vel stort sett vore fråverande til no i semesteret. Det kjem nok til å koste meg eit semester med konting.
– Men det er verd det?
– Det er verd det, sjølvsagt er det verd det, smiler han.
Vi kjenner mange som ikkje hadde sagt det same. Den fyrste bilen med utstyr er full. Ryddegjengen stappar trommestikkene til White Stripes i baklomma og går ut for å bestille pizza. Dei håpar på å få rydda bort scena ein gong i natt.

 
GARDEROBA. Nett som heime på hybelen.
 
RULLAR. Den beste scena White Stripes har spelt på.
20.03.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18