Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 10. april 2002, nr. 10 - 57. årgang

Loverboys x 10

Kultursjokket etter det sju vekers lange opphaldet i draumelandet Cuba har, utruleg nok, gått over. Dei første dagane var verst. Alt var grått, trist og kaldt. Eg skalv i inste ryggrad, fraus i hjartet og kjende meg tom. Det var sjølvsagt ikkje berre vèret, men også menneska og stemninga i det kalde nord som satte meg ut. Ingen musikk å høyre i gatene lenger, og ingen stod tilfeldige plassar og dansa. Kleda var berre svarte, grå og brune. Ansikta såg nitriste ut. Den største kontrasten var likevel gutane og sjekkekulturen i Noreg og på Cuba. Men heldigvis fins der visse eigenskaper ved cubanske gutar eg ikkje saknar.

I ei heilt vanleg gate på Cuba er det aldri fred å få om du er ei kvit, normalt pen jente. Ein høyrer orda over alt, til alle tider; «Chica!, Bonita!, Linda!, Pssst!, Mira!, I love you!» Nitti prosent av alle cubanske gutar i alle aldrar roper desse orda til framande jenter på gata minst førti gongar dagleg. Heilt sinnsjuke i hovuda sine. Og slemme. Ein kombinasjon av sex og pengar av er slett ikkje sjeldan av aller første prioritet. Då tenker eg utruskap som norm, pur unge jenter som prostituerte og grådig økonomisk utnytting av turistar.

Vi var fem opne nordiske turistjenter - ikkje spesielt rike, ikkje spesielt vakre. Men for cubanarar var vi diamanter. Offer for sleske, hungrige ulveblikk og framtredenar som blodtørstige klegger. Tenk på erketypiske italienske og spanske sleskemenn eller såkalla latino loverboys og gang det med ti. Då har du noko som liknar den cubanske mannerase. Så for oss gjaldt det å være overlegne, forsiktige, hyggelege, tøffe og farlege på samme tid...

Syns alle det høyres fælt ut å vere jente på Cuba no? Hahaha! Så feil kunne de tru. Vi lærte oss fort å temme dei cubanske ulvane. Trikset er å oversjå dei du ikkje vil ha og ta dei du vil ha. Med denne lærdomen kan ein berre sole seg i millionar av kompliment og ha det heilt fortryllande fantastisk. Kvart einaste øre og minutt vi brukte var gull verdt. Det eksotiske landet er eit hav av fargar, livsglede, musikk, dans og pene menneske. La Habana er den friskaste, vakraste og mest sjarmerande byen eg nokon gong har sett. Eg har ikkje ord...

Men no er eg heime og har så vidt vakna etter den brå overgangen frå draum til daglegliv. Varme og sol er velsigna humørsprøyter for dei grå i det kalde nord, slik at nokon får lyst til å synge og danse litt oftare enn berre laurdag kveld. Og kanskje bli litt meir lik cubanarar - kontaktsøkande, spontane og ærlege.

Elisabeth Hægeland
17.04.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18