 |
HALLELUJA. There’s no-one like Jesus, mener Christian
Fellowship.
|
Med undring og forventning tar eg plass i
ringen av kristne. Kvar laurdags ettermiddag kjem dei saman
på Club Fantoft, «in the name of the Lord». Bardisken, små,
runde kafebord og eit biljardbord rammar inn forsamlinga.
Lydia Kapiriri, leiar av Christian Fellowship, meiner at
kristendom ikkje er så kjedeleg som folk vil ha det til.
Salmesang og fryd
«There’s no-one like Jesus», syng forsamlinga på åtte afrikanarar
og to nord-europearar nydeleg fleirstemt. Yngste medlem
av fellesskapet, Jeffrey (15 mnd.) fylgjer spent forsamlinga
som står med heva armar og samanknipne auger. Etterkvart
finn Jeffrey ut at det også finst spanande saker å sjå på
bak bardisken. Fleire i det kristne fellesskapet ber høgt,
og får tilsvar. «Yes, amen, halleluja!» Vesle Jeffrey byrjar
å bli utålmodig. Både fotografen sitt kamera og ein bordtennisball
blir etterkvart uinteressante. Mamma Georgina og ein svolten
Jeffrey skundar seg tilbake til ei av dei høgreiste blokkene.
Tappekranene står framleis urørte, og vi er sjølvsagt velkomne
i fellesskapet også neste laurdag.
Frå vatn til øl
Klokka nærmar seg midnatt, og tåka tar til å senke seg på
Club Fantoft. Jesus og fleirstemte salmar er bytt ut med
halvliter og reggaemusikk. Ungdomsklubbpreget er slåande.
Rundt biljardbordet heng ei gruppe gutar, og ein sveitt
sør-europear i raudstripa singlet buktar seg på dansegolvet.
Dei fire norske studentane Anita, Birthe, Belinda og Kay
Roger sit i ein krok i nærleiken av baren. Fleire av dei
fortel at dei ikkje har vore på fest i sentrum på fleire
månader. Ei gruppe palestinske studentar spelar kort. Alle
meiner ein tur på Club Fantoft får tankane bort frå det
forferdelege som skjer i heimlandet deira. Frå eit av naboborda
snakkar nokon om å ta ein buss til byen. Vorspielet ser
ut til å vere slutt. Og idet vi også forlet klubben skummar
enno det heilage ølet freistande frå kranane.
 |
GUDS BARN. Jeffrey (15 mnd.) blir fostra opp i Jesu
ånd i eit publokale på Fantoft
|
 |
OSS DØDELEGE. Til forførande reggaetonar ålar sydlandske
sjarmørar og andre dødelege seg på parketten i Club
Fantoft.
|