Det Akademiske Kollegium (DAK) har vedteke
å prioritere arbeidet for nytt odontologibygg, framfor nytt
studentsenter. Studentrepresentant Åshild Fløisand er ueinig
i prioriteringa.
 |
NYSTEMT. Vinnarutkastet frå arkitektkonkurransen
i fjor, teikna av Lusparken Arkitekter i Trondheim.
|
|
 |
Ja takk, båe delar. Eigedomsdirektør Martha Knapskog
Skauge ynskjer seg både nytt studentsenter og odontologibygg.
|
– Det er tydeleg at mange trur Studentsenteret
har kome så langt i prosjekteringa at det no, meir eller
mindre, går på skinner. All erfaring frå slike saker tyder
på det motsette, seier studentrepresentant i DAK, Åshild
Fløisand. Ho er einig i at UiB treng nytt odontologibygg,
men fryktar at studentsenteret vert skadelidande.
– Ein har spelt eit spel om nytt studentsenter svært lenge.
Ein kan ikkje berre sleppe taket no, og tru at det går av
seg sjølv, meiner ho. Det er usemje i DAK om kva bygningsprosjekt
som skal prioriterast høgast, men på sist møte vart tannlegebygget
prioritert.
| |
FAKTA:
|
Status for prosjekteringsarbeidet med nytt
Studentsenter
• Prosjekteringsarbeidet skal legge grunnlaget
for kostnadsramma som Stortinget skal behandle
ved budsjettbehandlinga i 2003.
• Skisseprosjektet har nettopp starta, UiB
var i møte med Statsbygg 11. april. Skisseprosjektet
skal vere ferdig i august 2002.
• Forprosjektet skal vere ferdig seinast 1.
mars 2003.
• Det er løyva pengar til prosjekteringsarbeidet,
men Stortinget vil ikkje automatisk vedta forslaget
Statsbygg og UiB kjem fram til på bakgrunn av
prosjekteringsarbeidet. Derfor er lobbyverksemd
retta mot stortingspolitikarane viktig for å
få vedteke nytt Studentsenter.
|
|
Både/og
Avdelingsdirektør ved UiB si eigedomsavdeling, Martha Knapskog
Skauge, meiner lobbyverksemda for odontologibygg ikkje gjeng
ut over arbeidet med nytt studentsenter.
– Det vert jobba parallelt med begge bygga. Prosessen med
studentsenter har kome minst eit år lenger enn odontologibygget,
og er no inne på rett spor. Difor vert det no jobba meir
med odontologibygg, seier Skauge. Ho understrekar at det
ikkje er meininga at denne prosessen skal gå forbi arbeidet
med nytt studentsenter.
– Det er ikkje snakk om eit enten/eller, men eit både/og,
seier Skauge.
Pengar løyvd over statsbudsjettet
Universitetet vil gjerne ha begge bygga. Slike nybygg er
det Stortinget som løyver pengar til. Bygging av nytt studentsenter
har vore vedteke lenge, og går i desse dagar inn i ei førprosjekteringsfase
der utkastet vert granska før det vert løyvd pengar i statsbudsjettet.
Nytt odontologibygg er på trappene fordi det vert utdanna
for få tannlegar. Det gamle bygget er i dårleg forfatning,
og Universitetet vil snart ha ei tomt tilgjengeleg når Preklinisk
institutt vert rive. Men samstundes planlegg Universitetet
i Tromsø å starte opp tannlegestudium. Eit nytt odontologibygg
kan vere avgjerande for kva som vil verte senteret for tannlegestudium
i framtida.