Kva gjer du om frekke tjuvar har tatt mobiltelefonen
din medan du hadde fem minuttar pause frå lesesalen? Kva
rettar har du om Visa-kortet forsvinn på forelesing?
Ein tenkt situasjon: Det er midt i eksamenstida.
Lesesalen er full av studentar. Du treng ein pause etter
fleire timar lesing og går frå lommebok, mobiltelefon og
bøker for å trekke frisk luft i nokre minutt. Når du kjem
tilbake er telefonen borte. Eller dei 300 kronene du hadde
å leve for resten av veka. Eller permen med forelesningsnotatar
frå heile semesteret. Er du då forsikra på «arbeidsplassen»
din, på lik linje med dei fleste arbeidstakarar?
Ikkje forsikring gjennom universitetet
– Studentar har i utgangspunktet ikkje forsikring gjennom
Universitetet, fortel studiesjef Etelka Dahl ved UiB.
– Skadar på arbeidsplassen blir dekt gjennom Folketrygda,
men ved tap av verdiar på Universitetet sitt område kjem
det an på situasjonen ein er i, held ho fram. Dahl kjenner
i dag berre til ein situasjon kor studentar kan kreve kompensasjon
frå universitetet for tap av verdiar, og det er ved eksamen.
– Hvis du kan dokumentere at du har mista noko i forbindelse
med eksamen, kan du kreve kompensasjon. Men i utgangspunktet
har ikkje universitetet eit «tilsetjings-forhold» til studentane,
og dermed ikkje eit slikt ansvar, seier Dahl.
 |
DEKKER IKKJE. - Det skal mykje til for at Universitetet
vert halden ansvarleg, seier jurist Per Hillesøy ved
UiB.
|
Uaktsamt?
Jurist ved UiB, Per Hillesøy, seier at det skal mykje
til for at Universitetet vert halden ansvarleg i tjuverisaker
på deira område.
– UiB garanterer ikkje for tryggleiken på sine område og
har ikkje innbuforsikring som gjeld for korkje studentar
eller tilsette som misser gjenstandar her, informerer Hillesøy.
Han fortel vidare om ei sak som no pågår mellom ein student
og UiB, der UiB-personell hadde kasta verdifulle notatar
og kopiar då ein lesesal vart flytta.
– Kva erstatningsreglar som gjeld i dei ulike sakene, avheng
av om Universitetet har opptredd uaktsamt eller ikkje, seier
Hillesøy.
Lesesal=felles opphaldsrom
Det ser dårleg ut for deg som har mista minibankkortet,
og fått tappa kontoen etter ein uheldig dag på lesesalen.
Heller ikkje NSU har eigne forsikringar for medlemmane sine,
slik fagforeiningar ofte har.
– Vi har derimot eit samarbeid med LO, der kvar student
kan teikne rimelege forsikringar, fortel leiar i NSU Bergen
Torstein F. Lunde. Problemet er berre at forsikringane LO
tilbyr gjennom Sparebank 1 heller ikkje dekker lesesal,
PC-stove og forelesingar.
– Forsikringa er avgrensa når det gjeld felles opphaldsrom,
fortel forsikringskonsulent i Sparebank 1, Ronny Teigland.
– Vi har ingenting som dekker tjuveri frå slike fellesrom.
Det måtte eventuelt bli reiseforsikring som dekker tjuveri
utanfor heimen, men om det skulle kome fram at personen
det gjeld har vore uaktsam, kan han risikere å få eit problem,
seier Teigland.
– Dette betyr at studentar har dei same rettane om dei legg
frå seg ei bok på Torgallmenningen som på lesesalen. At
lesesalen ikkje vert sett på som ein arbeidsplass av forsikringsselskapet,
men heller som eit felles opphaldsrom er dårleg, men ikkje
uventa, svarar Lunde i NSU som lovar at dette er noko NSU
vil sjå nærmare på.
4 på gata
1. Stolar du på medstudentane dine på lesesalen?
2. Veit du om du har rettar i forhold til tjuveri
på lesesalen?
|
 |
|
 |
Navn: Line Brudvik
kunsthistorie grunnfag
1. Eg tar alltid tinga mine med meg ut i pausen,
så eg stolar ikkje heilt på medstudentane. Men det
er vel helst folk utanifrå eg stolar minst på.
2. Har ikkje peiling.
|
|
Navn: Jo Keim Olsen
sosiologi hovudfag
1. Ja, eg er tvers igjennom naiv. Det hender eg
lar ting ligge att.
2. Eg har inga forsikring i det heile tatt, bortsett
frå reiseforsikring. Er det mogleg å få noko att på
ho?
|
 |
|
 |
Navn: Kaspar Synnevåg
medievitskap grunnfag
1. Eg la nettopp frå meg alt eg eig i kantina.
Trur ikkje sjansen er stor for at nokon stel frå meg.
2. Eg er aktiv brukar av Netcom mobilforsikring, som
er veldig bra. Veit ikkje om andre.
|
|
Navn: Nora Pape
humanistisk informatikk
1. Nei! Ein eg bur med vart akkurat fråstelt minibankkort
og fekk tappa kontoen sin. Eg lar bøkene ligge, men
tar med veske, mobil og pengebok.
2. Nei.
|