Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 24. april 2002, nr. 12 - 57. årgang

Instant språkrøkt, tredje bolken

Språket endrar seg stendig, utan at det er noko gale i det. Likevel ser eg meg nok ein gong nøydd til å peike på ein del uttrykk og grammatiske reglar som igjen og igjen vert utsette for misbruk og overtramp, ikkje minst av mine kollegaer i media.

# 17. Sin-genitiv. Nynorskbrukarar må akte seg for å bruke sin-genitiv ukritisk. Ein sparsommeleg bruk av s-genitiv er tillate på nynorsk. Det er også lov å skrive om setningar. «Høydens intellektuelle» bør ikkje verte «Høyden sine intellektuelle», men «dei intellektuelle på Høyden».

# 18. «Liksom», «her sånn». Ikkje bruk desse uttrykka.

# 19. «På ein måte». Ikkje bruk dette uttrykket som språkfyll.

# 20. Innfløkt syntaks i bokmål. Eg kan vel seie at dette punktet gjeld innfløkt syntaks generelt. Det er likevel enklare å skrive inkjeseiande prosa på bokmål enn på nynorsk.

# 21. Inkonsekvent nynorsk. Noko av det verste eg ser er nynorsk der forfattaren brukar «mye» og «vert» i same tekst. Skriv gjerne «mye», «bli», an-, -heit, be- og -else, men eg ber om eit konsekvent språk. Dette problemet har sjølvsagt meir med estetikk meir enn med kommunikasjon å gjere, men la ikkje Kjartan Fløgstad vere eit ideal.

# 22. «Utopi». Eit uttrykk som ofte vert misbrukt. «Utopi» tyder noko slikt som «lykketilstand som ikkje kan verte realisert.» Eg minnest med gru den gongen ei av våre nye popstjerner fekk seg til å seie på Skavlan-show at «aids-trusselen er en utopi.» Motstykket er «dystopi»; «det fullkomne helvete».

# 23. «Ikke nødvendigvis»-«nødvendigvis ikke». Eg veit at Språkrådet ikkje er samde med meg her, men tek opp problemet likevel. I setninga «Velferdstinget forstod nødvendigvis ikke at studentenes helse er et statlig anliggende», må «nødvendigvis ikke» i utgangspunktet vere eit forsterka «ikke». At feil bruk av uttrykket over tid har legitimert feil bruk av uttrykket er så si sak, men eg står på mitt. Nynorskbrukarar må elles hugse at dei ikkje utan vidare kan skrive «naudsynleg» der dei på bokmål ville ha brukt «nødvendigvis». Skriv om med ord som «treng» eller «må».

# 24. Orddeling. Alle menneske i dette landet burde bruke ein dag i året på å repetere denne hovudregelen: Uttalar du eit ord som eitt ord, skriv du ordet som eitt ord.

Med desse velmeinte råda vil eg ynskje alle ein god språksommar.

Bjarte Brandal
24.04.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18