Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 24. april 2002, nr. 12 - 57. årgang

Harde jenter

«Jenterugby» las vi på ein plakat, og såg for vårt indre ein gjeng druler på 1.90 med knekt nase og hår frå armane og nedover. Studvest tok turen til ei trening. Det var ikkje heilt som forventa, men ganske tøft likevel.

HARDT. Steve sjekkar ballane.

Bronia Hamilton frå Sydney er initiativtakar til jentelaget i rugby i Bergen. Dei trenar i Bergen skate og sandhall på Nøstet. Halve hallen er full av sand, og resten er full av saggebukser og rullebrett. Først er det berre gutar på sandbana, men etterkvart kjem fem, seks jenter også. Jentelaget trenar saman med gutane.

Medan dei andre varmar opp, sit vi på tribuna og får ei forelesing i rugby av Bronia. Kvar gong vi prøvar å bidra til samtalen, trakkar vi i salaten.
- Men kva skiljer rugby frå amerikansk fotball, spør vi og trur vi har peiling.
- Det har ingenting med amerikansk fotball å gjere, repliserar Bronia kjapt. Dei to spela har kun det til felles at ballane liknar litt på kvarandre. For oss ser det framleis ganske likt ut. Herretrenar Steve Williams drillar spelarane i ymse taklingar. Bronia forklarer at sjølv om det ser tøft ut, er det faktisk ikkje så mykje skader. Men det er ei billeg forsikring å bruke tannbeskyttelse. Det som gjeng føre seg ute på bana har noko umiskjenneleg bedriftsfotballaktig over seg.
- Er det ein fordel å vere feit?
- Nei.
- Småfeit?
- Neei... det kjem an på kvar på bana du spelar. Nettopp det er ein fin ting med rugby; det er alltid ein plass som passar for alle typar, fortel ho. I fjor var det over sytten jenter med. Mange var engelske og australske utvekslingsstudentar, men no har dei reist heim. Bronia skulle også reise, men har blitt att på grunn av rugbyen. No prøvar dei å rekruttere fleire jenter før sesongen byrjar. Då spelar dei mot jentelaga frå Oslo, Stavanger og Trondheim.

t.v.: KRAFT. Styrketrening.
t.h.: AGGRESSIVT. Bronia i harde tak.
Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Trine Flåte
24.04.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18