Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 24. april 2002, nr. 12 - 57. årgang

Med saltmat og søtmat og terning og tull - maritim spelodyssé for drakedreparar

Over havet etter eventyr

KONSPIRATORENE. Nina Mugahl, Sindre Westgaard og Nick Smith var pådrivarar for den fyrste årlege SSF-spelkongressen til sjøs.
Tekst: Bjørn T. Bøe
Tekst og foto: Åsta Ytre

Rollespelande landkrabbar prøvde seg som sjøfararar då Studentenes Spillforening (SSF) forflytta seg frå Kvarteret til Englandsbåten M/S Jupiter. Studvest sine utsende mønstra på det som viste seg å bli ei ferd med høg stemning, daud manns kiste og nok rom til å tilfredsstille ein kvar skjørbukherja pirat. Men no går det kanskje litt fort fram her. Ei reportasje som denne burde nesten ta til slik: Det var ein gong eit snes rollespelarar som drog over havet for å feire ettårsjubileet til SSF. Blant frekke, eldre damer med hornbriller og klåfingra, ølhungrige, førtiårgamle menn skulle spelfantastane få boltre seg i kamp med mellom anna frekke, stygge orkar med hornhjelmar og klåfingra, blodhungrige, århundregamle vampyrar. I spissen for rollespeleldsjelene stod Nina Mughal, leiar i SSF. Saman med Sindre Westgaard, Nick Smith og Kim Lelienhof la ho til rette for SSF sin tur, ein tur som i utgongspunktet skulle vere eit spelecruise for alle spelklubbane under Bergen Spillforening. Denne spelforeninga er ein paraplyorganisasjon for spelarar av sjakk, bridge og poker, og Nina fortel at SSF lenge har ynskja å innleie samarbeid med desse.

Turen som ikkje lenger fanst
Men planane skulle vise seg å ikkje berre endrast, men faktisk opphøyre å eksistere. I siste liten meldte Bergen Spillforening avbod, og SSF sat att med tjue oppglødde rollespelarar som ville dra på ein tur som ikkje lenger fanst.
– Spillforeninga hadde fått for få påmeldte, og måtte difor leggje turen på is, utdjupar Nina.
– Men ein skuldlaus kommunikasjonssvikt førte til at vi ikkje fekk vite dette. Difor haldt vi fram med planleggjinga. Det var ikkje før vi tilfeldigvis tok kontakt med FjordLine at vi fekk høyre om endringa i planane. SSF sat att med betalande deltakarar som forventa spelbar heisatur med Englandsbåten, noko som gjorde situasjonen vanskeleg for styret.
– Då eg tok kontakt med FjordLine fekk eg vite at saksbehandlaren vår hadde slutta, noko som vidare kompliserte situasjonen, sukkar Nina. Men SSF-styret ga seg ikkje, og gjennom heftige forhandlingar med FjordLine fekk SSF same premisser for avtalen som før. Men vart turen noko mindre spanande for dei tjue deltakarane av den grunn?

KONTROLL PÅ KONTINENTET. Sindre måtte likevel gje tapt i spelet Age of Renaissance då overmakta vart for stor.

Med terningar i bagasjen
Det var ein oppglødd og variert gjeng som stod og venta ved Rosenkrantztårnet då Studvest sine utsende møtte opp måndag 15. april. Klare for tre dagar kontinuerlig rolle- og brettspeling hadde gjengen, med ein forbausande høg prosent jenter, mellom anna planar om å risikere kontroll på kontinentet. Dei fleste kjende ikkje einannan til å byrje med, så stemninga var kanskje noko spent, men det gjekk heller kort tid før det endra seg. Om bord i båten fant ein raskt ut kva som var den raskaste vegen frå konferanseromma der spelinga skulle foregå til baren og taxfreebutikken, ei rute dei eldste av deltakarane nytta flittig under heile turen. Englandsbåten er for mange synonymt med fest og spetakkel, og sjølv om det gjekk meir i orkedreping og landsovertaking for denne gjengen, var nok ikkje alle i naboromma like begeistra for nachspiela som avrunda spelkveldane. Gruppa var delt opp i puljer med speling, og for gamle travarar på RegnCon, den årlege rollespelkongressen i Bergen, minna det om spelkongress til sjøs, eit inntrykk som sat att hjå fleire av dei Studvest snakka med. Ein av desse var Raymond Kristiansen frå RegnCon-styret, som var med på turen.
– Dette må vi definitivt gjere meir av, var grei beskjed frå ein godt nøgd RegnCon-pamp, som oftast observert med eit glas whisky i handa.

Spionasje ombord
Alt var likevel ikkje nøyaktig som det virka i gruppa. Enkelte vart fôra med informasjon som fekk dei til å sjå meir og meir skeptisk på dei andre turdeltakarane. Arrangørane hadde laga til eit aldri så lite laiv - ei slags blanding av rollespel og friteater - som vara gjennom heile turen. Det viste seg nemleg at ei gruppe forskarar hadde kome over ei ny energikjelde, som ville revolusjonere kraftindustrien i verda. Sjølvsagt var mange tvilsame fraksjonar på jakt etter denne nyvinninga, og spelet var eit faktum. Prega av misforståingar gjekk likevel ikkje laiven så godt som gjerne planlagd, spesielt ikkje då to relativt nye, kvinnelege rollespelarar på finurlig vis kuppa heile spelet. Akkurat dette såra nok eit par gamle ringrevar sine byrgskapar, og alle var kanskje ikkje like nøgde som dei to.
– Det hadde fungert betre med eit godt, gamaldags mordmysterie, meinte Katrine Rasmussen mot slutten av turen, og tankane flaug fort til Agatha Christie sitt klassiske mordcruise «Mord på Nilen». Ho meiner likevel det er grunn til å tru at alle deltakarane som involverte seg hadde det moro med laiven, om enn spesielt dei to kupparane.


Den fyrste av fleire
Den slitne gjengen som gjekk attende i land i Bergen den 17. april, utan å verte stoppa i tollen må det merkast, var klar i sin knusande dom: Turen var, trass i det låge deltakartalet, ein suksess, og planar om nye, liknande turar var allereie heftig samtaleemne. Mellom anna RegnCon-leiar Stein C. Llanos meinte at ein skikkeleg rollespelkongress til sjøs burde vere ferdig arbeid, og halvdårlege namneforslag som SjøCon og OilCon florerte utan at nokon greidde å bli einige. Men romen tok likevel aldri slutt. Så då er det eigentleg berre å setje seg attende på daud manns kiste og synge ei gamal sjørøvervise, for rollespelarar er kjend for å alltid vere seint ute, og karaokebaren var allereie stengt når dei endeleg fekk somla seg opp dit. Burde kanskje dei andre passasjerane vere takknemlege?

 

Til bords med hobbitar

 
Leikestove. Kva kjem no? Utolmodige rollespelarar ventar på eventyr.

Med nervene på høgkant set eg med ned ved bordet. Saman med meg sit ein hobbit, to menneske og to dvergar, klare til aksjon. Eg er for høvet alv, og skal i kamp for fyrste gong. At dei andre er drevne rollespelarar, gjer ikkje saka mykje betre. Namnet får eg velja sjølv. Diamya Tria kling godt i øyrene mine, sjølv om eg ikkje kan forklare det. Så sit eg der, omgjort til alv i ei framand verd, saman med karakterar som Wilhelm von Vieser, Bombur Bigfoot og venene deira. I tillegg sit ein sentral person med nasen i ei bok ved bordenden. Den allmektige spelleiaren, eller gamemasteren(GM), han som set grenser for handlingane og seinare flytter dei. I utgangspunktet verkar dette heller søkt. Seks relativt vaksne menneske sit rundt eit bord med terningar og blyant, drep orkar og goblinar, er på lag eller mot kvarandre alt ettersom. Målet er å vinne, men eg har forstått at det er vegen fram som er poenget.

MURDER ON THE DANCEFLOOR? Katrine og Marianne møtte inga motstand frå det eldre klientellet i kampen om det glisne dansegolvet på Englandsbåten.

Lagnadsspel med terningar
Det heile byrjar roleg. Alle i gruppa må bli trygge på seg sjølve og kvarandre fyrst. Terningar rullar og eigenskapar vert fordelt. Somme vert sterke eller raske, andre vise og venskaplege. Eg blir ein akademikar, ein student. Etter litt diskusjon får alle lov til å velje hår- og augefarge, i tillegg til rase. I akkurat dette spelet vert høgde, smidigheit, alder og andre karaktertrekk nøye fordelt etter tabellar og terningar.
– Kvifor er de saman? spør GM etter å ha informert gruppa om kvar dei er på veg. Han vil at alle legg fram sine historier, og litt av kvart kjem for ein dag. Her er to dvergekrigarar, og to menneskekrigarar, ein akademisk alv, og ein tjuvaktig hobbit. Dette er fyrste barriere for ein ny rollespelar. Kva skal ein seie? Fantasien tek ei pause; Kva gjer ein alv? Kvifor slår ein alv seg saman med dvergar og hobbitar og går mot ein framand by? Eg høyrer litt på dei andre, dei spinn saman ei historie om krig og ynskje om auka velstand.
– Kva har skjedd tidlegare? seier GM på ny.
- Diamya Tria, kva gjer du her? Det er berre å kaste seg ut i det. Eg rotar fort opp eit ønske om lærdom, om intellektuelle kapasitetar som vistnok skal finnast i denne nye byen, om den tryggleiken som samhald gjev, og som eg difor søkjer i denne krigerske gruppa. Bokleg som eg er, er det trygt å reise med krigarar. Ingen ser ut til å tvile på historia, fyrste hinder er passert.
– Eg stel, men det veit dykk ikkje, seier hobbiten. Slik er det berre. Historia avgrensar seg på denne måten. Gruppa held saman og splittar seg opp. Når to eller tre er borte frå gruppa kan dei naturlegvis ikkje få med seg kva som skjer med dei andre, heller ikkje om dei søv eller er medvitslause. Saman med den tjuvaktige hobbiten får eg tre gullmynter for å gå og leie rom, når rommet kostar ei mynt delar vi fortenesta. Dei andre rundt bordet veit ingenting, og vert aldri informert.

 
TAPT BAK EIN STOL. Rollespelarar på ville vegar i Newcastle.
 
 
STILLE FØR STORMEN. Røykjepause mellom slaga.

Rasistisk dobbeltspel
Med ulike rasar samla kan det lett oppstå kranglar. Eg lærer at dvergar og alvar er bitre fiendar, og når dvergen i tillegg er krigar og alven student, må noko skje. At det eine mennesket i flokken, Wilhem, er ein konspiratør, hjelp heller ikkje, han mjølar si eiga kake og pratar alle etter munnen.
– Alvar har ikkje bakkekontakt, seier dvergen Bombur. Wilhelm er tilsynelatande einig, men byter raskt side. Han snur seg mot meg og godsnakkar:
– Dvergen er ein uvitande idiot utan sans for kultur, er bodskapen. Både dverge- og alvekarakteren er lukkeleg uvitande om dobbeltspelet, sjølv om spelarane har høyrt kvart ord. Vel framme i byen herskar naturleg nok kaos. GM spelar alle personar gruppa kjem i kontakt med, som vaktsjefen Steiken, undergrunnsfiguren Geiten, tilfeldige krovertar og andre skumle typer. Fyrste oppdrag kjem snart. Det er lumske typer i kloakken, og vi skal få dei ut. Men fyrst er det mat. Hobbitar et, som mange veit, åtte måltid kvar dag, dvergar vil ha dvergebrygg, og alvar er fine på det. Rollespelverda er full av sanne stereotypar; det du ikkje er må du kjappe deg å bli.

24.04.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18