Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 24. april 2002, nr. 12 - 57. årgang

Tre personar, ei stemme

Tre jenter speler ut dei inkonsekvente haldningane ein person kan ha til verda. Stykket er Pepper - den heilt ferske og eigenkomponerte oppsetjinga til Immaturus.

 
ULIKE HALDNINGAR. Ann Christin Jenssen, Liv Ulvik og Ingrid Granum Ellestad uttrykker ulike haldningar ein person kan ha til nyhendebiletet og samfunnet elles.

Gjengen bak Pepper har sørga for at Storelosjen på Kvarteret er totalt forandra. Estetikken i scena er tydelegvis vektlagt og gjennomført; det ser reint og stilig ut. Lange svarte stoff heng frå taket i diverse posisjonar, og raude gjenstandar, deriblant raude barstolar og raud chili gir scena sjel. Ti kilo chilipepper er kjøpt inn for å pynte med, som er litt av grunnen til tittelen på stykket.

Kompleks tankeverd
I ein kombinasjon av performance og tradisjonelt teater formidlar Pepper ein slags stemningsrapport av tilstanden i verda. Inspirasjonen er henta frå nyhendebiletet det siste halvåret og folk sine oppfatningar av samfunnet. Målet har vore å lage kritisk teater, og vise ulike haldningar ein kan ha til den komplekse verda. Desse haldningane blir spelt ut gjennom tre jenter, som regissøren seier kan tolkast som å vere ein og same person. Førsteinntrykket av sjølve spelet er kanskje litt forvirrande, og det er mykje som blir sagt på ein gong. I byrjinga er dei tre jentene ueinige om kva som er godt og vondt, rett og gale, fint og stygt. Men alt blir lettare å forstå om ein tolkar det heile som dei indre konfliktene til ein person. Desse indre tankane og kjenslene i høve det som skjer rundt personen, ser ut til å vere ambivalente og dissonante. Det verker litt som om det handlar om å søke etter noko å måle ting etter. Kanskje det handlar om å prøve å finne sitt eige tempo i forhold til det som skjer, og å finne sin eigen balanse i ein stressa kvardag. I det heile; ein kan tolke og identifisere seg på mange ulike måtar.

 
SURREELT. Pepper er både teater og performance.

Kreativt og vittig
Om ein med ope sinn ser stykket og klarer å fantasere litt om kva det kan handle om, blir dette ei spanande, litt surrealistisk og til tider veldig komisk dramatisering. Jentene smiler og flørter med publikum. Dei har mange rare, poetiske utleggingar om ulike tema, og viser ein kreativ måte å formulere seg på. Nokre scener er spesielt vittige; eg nemner berre egg og blindebukk, maurtue og spyflue. Den raude fargen mot det svarte livnar opp. Raudt og pepper assosierer til styrke, kraft, mot og sjølvtillit, og det svarte til pausar og usikkerheit. Dette korresponderar med dramatikken i stykket.

Tekst: Elisabeth Hægeland
Foto: Ellen Bruzelius Backer
24.04.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18