Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 15. mai 2002, nr. 15 - 57. årgang

Kvalitet og kvantitet...

Kvalitet og kvantitet... Det var en travel dag. Eg hadde ikkje bruk for meir trøbbel og irritasjon enn eg klarte å lage sjølv. Eit par menn i uniform klarte kjapt å gjera vondt verre. «Kor langt skal du? Berre til NHH? Åja, da kan du ta neste buss.» OK, flott at bussen til NHH nå går kvart femte minutt, berre du byter haldeplass, men når nesten fulle bussar ikkje skal fyllast fordi «den neste kjem snart», er det liten vits. Fyrste buss tapt.

Så eg hoppar på neste buss, både 70 og 80 og alle dei andre går til økonomihimmelen, alle vegar går til Rom. I beste busstid gir eg mannen 500 kroner og ber om to. «Har du ikkje mindre? Neivel, den kan eg ikkje veksle.» Uniformgrisen ser ublidt på meg. «Men det er alt eg har», prøver eg spakt. «Jaja, synd for deg, du har eit problem», er svaret. Eg har eit problem! Ikkje dei Galne og Asosiale, Ikkje Anvendelege (aka GAIA) bussane og førarane deira. På ein dårleg dag skal det langt mindre til for å irritere meg. – Kallar du dette service, rasar eg mot overmakta. På ekkelt bergensk kjem kongesvaret: «Forventar du service? Av kven da?»

Reisefølget mitt grip inn og betaler dei 40 sure kronene til mannen, og vi set oss ned. Hadde dette vore einaste gongen før nevnde GAIA har irritert meg, skulle eg med glede gått inn for eit større kollektivtilbod i den regnfylte byen mellom alle haugane, men slik er det ikkje. Fleire bussar vil utan nåde føre til fleire buss– sjåførarar, og det trur eg ikkje eg taklar.

Sist eg tok bussen var nemleg enno verre. Eg skulle på jobbintervju langt ute i periferien, where the sun never shines og bussen går ein gong i halvtimen. Eg var nesten presis – det er min menneskerett å feile innimellom, særleg sidan GAIA gjer det jevnleg. Eg sprang mot klokka, sekunda gjekk fortare enn beina mine. Joy o joy, bussen sto der enno. Kryssar eit gangfelt med armane vinkande meir hektisk enn tilskodarane den gong Titanic seila frå Southampton, men like forgjeves. Blinkljoset på, den kvinnelege uniformmasochisten ser meg tydeleg nå. Eg sprang mot neste gangfelt med enno større fart og med høgare handføring. Eksosen frå bussen vart tjukkare, ho trakka på gasspedalen. Eg kom neste fram, skulle berre over vegen. Da set ho doningen i gang, vinkar på Mette Marit-vis og køyrer sin veg. Att står eg, utan buss, og med kort veg til drosjehaldeplassen. Det vart minibuss til intervjuet, med triveleg drosjesjåfør. Eg vart glad att, og fekk sommarjobb, GAIA til tross.

Åsta Ytre

15.05.02


tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18