Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 15. mai 2002, nr. 15 - 57. årgang

Det er på høg tid at studentar og skuleelevar får eit skikkeleg vern på studieplassen gjennom arbeidsmiljølova, meiner leiar i NSU-Bergen, Torstein Fjeldet Lunde.

Sikkert arbeidsmiljø
– ei prinsippsak

Elevar og studentar har i dag ingen rettar i forhold til fysiske omgjevnader på institusjonane, som kvaliteten på lys og luft, eller psykososiale faktorar som seksuell trakassering og mobbing. Dette er noko NSU-Bergen har arbeidd lenge for å få i stand. No ser det ut til å vera lys i tunnelen.

Sidan dei fyrste rettane om arbeidervern i Noreg byrja å dukka opp, har elevar og studentar vore uteletne. Fyrst var det fabrikkarbeidarar som fekk noko vern på byrjinga av 1900-talet, så kom andre arbeidstakarar til seinare. Når dagens arbeidsmiljølov, Lov om arbeidsmiljø frå 1977, vart utarbeidd hjå departementet var elevar og studentar berre så vidt nemnde. Det vart sagt i forarbeida at ein skulle koma tilbake til denne gruppa. Det har ikkje vorte gjort. Difor tok NSU-Bergen skeia i eiga hand for nokre år sidan og utgreia behovet og moglegheitene for å gje elevar og studentar eit arbeidsmiljøvern, eller læringsmiljøvern som det seinare har blitt kalla. Utgreiinga vart laga i samarbeid med juridiske professorar som Henning Jakhelln og Jan Fridthjof Bernt og vart seinare vedteken av NSU sitt Landsting.

Dokumentet som vart utarbeidd hadde både ei oppsummering av dagens situasjon og ein gjennomgong av måtar ein kunne sikra elevar på. Ein konkluderte med at det beste var å leggja elevar og studentar inn under arbeidsmiljølova. Dette har seinare vore målet ein har arbeidd mot, men det har vore ein lang prosess. Sjølv med tilhengarar på Stortinget har det ikkje vist seg mogleg å få det til på den måten ein fyrst hadde tenkt. Politikarar ville heller at studentar sitt læringsmiljø skulle omtalast i Universitets- og høgskulelova (U og H-lova). Det er det som er gjort i §44 i framlegg til ny lov. Men framlegget som kom frå departementet var for dårleg og lite presist. Difor har NSU no arbeidd knallhardt for å klargjera meir av innhaldet i §44. Det ser no ut til å lukkast. Stortingspolitikarar har sett at dette er eit spørsmål om prinsipp og eit spørsmål om å gjera ting klårast mogleg.

I førre veke starta handsaminga av ny U og H-lov i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Då vart det lagt fram eit forslag som er i tråd med det NSU-Bergen har kjempa for: Arbeidsmiljølova sine føresegner skal gjelda for studentar òg, og arbeidstilsynet skal vera tilsynsorgan med sanksjonsmoglegheiter. Samstundes vert det oppretta både verneombud og læringsmiljøutval for studentar ved institusjonane. Dette synleggjer eit ynskje om ei klargjering frå komiteen si side. Det er ikkje vits i å laga ein ny lovtekst når ein allereie har ein som ein har lang erfaring med og som det er praksis på tolkinga av. Det er den minst kostbare og best oversiktlege løysinga som går an å få til.

Livslang læring har lenge vore eit omgrep brukt om målsetjinga for det norske kunnskapssamfunnet. Innanfor livslang-læring-omgrepet ligg det til grunn utstrakt bruk av etter- og vidareutdanning. Det vil seia at fleire som har kome seg ut i arbeid vil i periodar venda attende til utdanningsinstitusjonane for å ta meir utdanning. Dermed vert skiljelinene mellom arbeidstakar og student meir utviska.

Det har mykje å seia for at no er det rette tidspunktet å vedta noko slikt. Utan at studentar òg vert sikra læringsmiljørettar, kan arbeidstakarar i etter- eller vidareutdanning risikera å skifta mellom ein stad med sikkert arbeidsmiljø til ein stad utan vern av arbeidsmiljøføresegner. Det er noko ein ikkje ynskjer. Samstundes vil innføringa av Kvalitetsreforma krevja meir institusjonstilknyting for studentane. Det vert sett større krav til opphald på institusjonane, til gruppearbeid, innleveringsarbeid og oppfølging. Dermed er det naturleg at det vert sett større krav til at studentlokala er i skikkeleg stand. Dessutan er det naturleg at ein ved ei ny lov om universitet og høgskular vurderer nye krav. Lova skal til ei kvar tid speglas dei forventningar og krav samfunnet set. Krava til sikkert arbeidsmiljø har blitt sterkare med den teknologiske utviklinga. Det må òg lovverket ta omsyn til.

Om det endelege vedtaket vert etter NSU sitt ynskje er litt tidleg å seia. Som sagt vert ikkje endeleg lovtekst vedteken før seinare i mai. Men det ser lovande ut. FrP, SV, Arbeidarpartiet og Høgre har alle signalisert at det er vilje til å gå for eit slikt framlegg. Tek ein i betraktning dei signala som og er gitt i kommunalkomiteen om eit liknande framlegg tidlegare i år ser det lyst ut. Om det går slik ein ynskjer er det takka vera langsiktig og målretta innsats frå NSU. Prinsippet om eit sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø for studentar kan endeleg verta festa i lov.

15.05.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18