 |
Foto: Anne Brun
|
Helsedepartementet garanterer at alle medisinstudentar
skal få turnusteneste innan eit halvt år etter at studiet
er over, sjølv om talet på plassar blir kutta, og studenttalet
aukar. Leiaren i Norsk Medisinstudentforening, Øyvind Østerås,
trur ikkje på departementet sine forsikringar, og hevdar
studentane vil hamne i køar opp mot to år. Studentane Olav
André Klefstad, Siv Johannesen, Ole Lianes og Torleiv Kvalvik
(biletet) synest det er rart at styresmaktene ikkje tenkjer
på turnusplassane når dei planlegg studiet.
les
meir
nyhende
Julemarknad utan nissar
Manglar du gode julegåveidear? På Galleri Fisk kan du finne
noko som ikkje er masseprodusert. Kunststudentane lovar
dessutan at salsutstillinga til helga er heilt fri for julenissar.
- Litt av greia er at det ikkje er nokon spesiell design
eller fellesnemnar for produkta, tanken er at her kan du
finne noko for ein kvar smak, og gjere unna julehandelen
på ein halvtime, forklarar Johan Nørgaard.
les
meir
kultur