Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21
Telefaks:
55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 22. januar 2003, nr. 1 - 58. årgang

Eit folk av sytarar

Kva er gale med oss nordmenn? Har vi nokon gong hatt ein betre levestandard enn vi har no? Det er berre å tenke etter og sjå rundt seg. Nordmenn ligg på verdstoppen om ein reknar i bruttonasjonalprodukt per innbyggar. Likevel klagar og syt vi over kor vanskeleg det er å leve i Noreg, med høge renter på lån, høge matvareprisar, urimelege prisar på alkohol og ikkje minst vanvittige straumprisar. Sjølvsagt finst det grupper i samfunnet som verkeleg har grunn til å vere misfornøgde med høge prisar og trange levekår. Grupper som burde fått litt meir av samfunnskaka. Det er heller ikkje desse gruppene eg vil angripe i denne kommentaren. Det er den gjennomsnittlege rike nordmann med si syting og misnøye som provoserer meg.

Korleis kan i verdssamanheng styrtrike nordmenn tillate seg å klage over at pengane ikkje strekk til? Vi har ein materiell standard og eit forbruk som saknar sidestykke. Vågar vi å sjå litt forbi vår eigen navle, oppdagar vi kanskje verda slik ho er. Med all sin urett og med ujamn fordeling. Når eg klagar over stigande prisar på elektrisitet manglar eg fullstendig perspektiv på verda. Når du syt over høge renter eller dyr leigepris for hybelen, lever du i di eiga trange livsverd, i skylappland.

Media er kanskje den viktigaste eksponenten for nordmenn si misnøye, og Studvest er langt i frå noko unntak. Det er trist når tallause spaltemetrar i avisene blir fylt med ugrunna klaging, og når fjernsyn og radio gir folket av sytarar ein så sentral plass. Det er likevel eg og du som må ta eit oppgjer med våre eigne haldningar. Dette er eit spark til både meg sjølv og andre. Neste gong vi kjenner oss misfornøgde med privatøkonomien kan det vere ein idé å tenke seg om to gonger før vi startar sytinga.

Åge Avedal
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
22.01.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18